Reggae Marathon
Rytmen og smila eg aldri gløymer
Eg kan enno høyre musikken, og når eg blar attende i minnet, kjenner eg lukta av sjø og sveitt asfalt. Eg er tilbake på Jamaica, sprintarøya i sola, der det òg finst eit maratonløp. Sjølvsagt kan det ikkje heite noko anna enn Reggae Marathon.
Tekst og foto: Runar Gilberg
- Hadde vi hatt betre råd, skulle vi hatt levande musikk langs heile løypa. Men det kostar for mykje, så vi nøyer oss med bilar med stereoanlegg for kvar mile, seier løpsleiar Alfred Francis.
Det er mykje eldsjelene i arrangørstaben skulle gjort dersom dei økonomiske ressursane hadde strekt til. Ikkje minst skulle dei drivi meir PR og fått med fleire folk. For behovet for mosjon er ikkje mindre på Jamaica enn mange andre stader. Bilane blir fleire, bakendane breiare og blodårene tettare år for år, også der.
Men det er imponerande kva Jamdammers Running Club får til med dei små midla dei har. På mange måtar er løpet alt for bra til å vera så lite. Ramma rundt og gjennomføringa er så proff at ein skulle tru ein var til stades på ein storbymaraton i Berlin eller New York. Og så er løpet, målt i deltakarar, berre halvparten så stort som Drammensmaraton.
Bognande
Det startar alt dagen i førevegen med eit pastaparty så bognande og velsmakande at eg følte meg stinn gjennom alle dei 42 kilometrane dagen etterpå sjølv om eg ikkje åt frukost før løpet. Kan hende har det ein samanheng med at løpet startar alt klokka 5.15, ein time før det blir lyst og sola tek til å steike.......
---------------------------------------------------------
Les hele artikkelen i KONDIS!
Bli medlem i KONDIS og få 7 nummer i året med
KONDIS
Bladet for alle kondisjonerende
Februarnummeret 2005
ÅRGANG 2005
KONDISARKIVET
Les om alle medlemsfordeler og tegn abonnement!

Siste medlemssaker
Annonse