Resultater

Løyperekordar både i kvinne - og herreklassen

Kjersti Kvarme, Bømlo Sykkelklubb og Thomas Solheim, Hardanger Sykkelklubb sette begge rekordar i den nye løypa i Skånevikstranda rundt i Etne i Sunnhordland. Løypa i dette tradisjonsrike rittet på ca 56 km, vart lagt om i fjor. Thomas Solheim kom seg greitt opp "Alpe d`Huez bakken til mål oppe på Hålandsheia 325 m.o.h. Bakken er 2.3 km samanhengande stigning og startar om lag 90 m.o.h. Vinnartida og den nye løyperekorden til Thomas Solheim er 1.25.56 t. Litt svak vestavind og knusktørr vegbane gjorde at tidene sikkert vil visa seg vanskeleg å slå.  Vinnartida til Kjersti Kvarme vil koma i oppdatert reportasje utover dagen.

Vakter over alt - vakker natur
Når ein er i konkurransemodus er det alltid mogeleg å oversjå ein vakt eller merking, men underteikna har aldri sett så mykje vakter, skilt, følgjebil og følgje motrosyklar. Ein god del av løypa går på E-134 frå  Etne sentrum opp Stordalen og langs med Stordalsvatnet. Før det hadde løypa tatt ein 7 km sving oppom Fosse, Kaldheim, Rygg og Grindheim. Ein ekstremt  vakker natur fylgjer ryttarane heilt frå starten i Skånevik. Hadde ryttarane hatt tid til å sjå seg om, kunne det vore fare for at dei ville stoppa ,og lurt på kvifor dei køyrde så fort forbi...

Etter målpassering 12 km "nedsykling".
Frå målpassering på Hålandsheio er det vel 12 km hovudsakeleg nedover til Skånevik skule der det var kafé med gode kaker, vaflar, kaffi og brus. Ei diger marsipankake - laga av Oliv Enge - ei av eldsjelene bak rittet. Rittet vart fyrste gong skipa til i 1986 - for 25 år sidan. Med eitt års avlysing vart dette det 25. rittet.

Benny Huser med sterk oppfordring til "eldre" sykkeldamer
Benny Huser (1951) Stord Sykkelklubb, er inne i sin tredje sesong som aktiv sykkelrytter. denne gongen valte ho trimstarten på 47 km. Ho brukte ca 1.50. Ho var strålande nøgd då ho kom i mål. Eg hadde grudd meg til å køyra langs E-134, men bilistane køyrde fint og tok omsyn. Også var det kjekt med motorsykkel som køyrde føre jubla den blide sykkeldama. Siste bakken opp til mål trudde eg skulle bli hard, men den gjekk fort og veldig greit.

Skriv du for Kondis?, fekk me spørsmål om. Det er mange veldig dyktige eldre sykkeldamer. Du må få med at dei må melda seg på dette og liknande sykkelritt. Det er veldig kjekt, slutta ei jublande blid Benny Huser frå Stord Sykkelklubb.


  Benny Huser, Stord Sykkelklubb, oppfordra andre "eldre" sykkeldamer med kondis til å stilla i sykkelritt.


  Vakker natur langs heile løypa. Her ved Julaskår etter 24 km.


  Utan funksjonærar stoppar Idretts-Noreg...


   Merking av hol i løypa.


  Vinnaren...?

.
  Jula-skår.. eit høveleg namn å passera i eit sykkelritt.


 Jula-skår i sikte!


  Framleis Julaskår - fighting face(s).


  Ikkje lett for ein reportar å koma forbi...'