Roeldal 2010 2_640x665

Dei to raskaste i Røldalsløpet: Elise Kvåle og Nils Magnus Bøen Grave

I strålande sol og varmt ver. Ja, det er repetisjon av Roeldalsløpet dei siste åra. Kafé med alle slags godsaker, klassepremiering og trekking av premiar skapar ein fin atmosfære. Ein flink engasjert speaker og veldig hyggelege arrangørar gjer dette til eit årleg, triveleg arrangement i byrjinga av juni. Skiløparen Nils Magnus Bøen Grave frå IL Korlevoll med 24.23 og Kjersti Fresvik frå arrangøren med 27.51 var den store sportslege beholdninga i den tunge 6.7 km lange løypa. Kjersti spring i klasse 17-18 år. Supersterk prestasjon! Det same må seiast om Elise og Håvard Kvåle, Røldal IL. Dei spring begge i klasse 12 - 14 år. Elise hadde 31.23 og Håvard 30.16. Skrive av sunnhordlandsredaktøren Gisle Sellevold