Tekst og bileter : Eivind Arne Bjaaland
 
Verdenshistorias fyrste Rundfjell-senderen Opp gjekk av stabelen laurdag 28. september. Løpet gjekk over 4160 m med 472 m høgdeforskjell, noko som gjev ein stigningsprosent på gode 11 prosent.
 
Fleire gode langrennsløperar stilte opp mot blant anna ein Norseman-finisher og gamle lokale storhetar, noko som førde til ein flott konkurranse i naturskjønne omgjevnadar på Håkøybotn i Troms.
 
Her var det sensasjonelt nok ingen deltakaravgift. Alle fekk faktisk betalt ei krone for å stille opp.
Premiebordet bestod av blant anna makrell i tomat, brukte dvd-ar og refleksband.
 
Spurtprisen etter 800 m tok Tarjei Solli. Han var strålande nøgd med premien - ein  Team SKY-caps som har vore bruka av sjølvaste Bernard Eisel. Sjølve løpet vart vunne av langrennsløpar Rolf Einar Jensen

Les også bloggen Rundfjell Senderen Opp- World premiere! med bilder.
 
Resultat:
 
Menn:
1: Rolf Einar Jensen 23.37
2: Sven Are Paulsen 25.11
3: Daniel Skjønnsfjell 26.09
4: Espen Mikkelsen 26.36
5. Andreas Arild 26.40
6: Kristian Ulriksen 27.28
7: Johannes Hammer 28.50
8: Ole Andreas Helgaas 28.58
9: Kim A Skau 29.32
10: Fredrik Rosanoff 29.54
11: Sigurd B. Engen 32.30
12: Thomas Brox 32.51
13: Egil B. Hammer 34.50.43
14: Tarjei Solli 38.02
15: Trond Sandvik 39.47
16: Stig Kalstad 39.49
17: Runar Martinsen 39.50
18: Erik Eikebrokk 39.54
19: Magnus Sarheim 48.14 (fikk hammern)
 
Damer
1: Anna Maria Feodoroff 39.07
2: Tove Sørensen 39.09
3: Magnhild Bøgseth 39.14
4: Helga Gimse 39.48 (Fotofinish)
5: Charlotte Jakobsen 39.48
 
Espen_Mikkelsen.jpg
 Espen Mikkelsen i fint driv mot toppen
 
Tarjei_Solli.jpg
Vinnar av spurtpris: Tarjei Solli
 
Sven_Are_Paulsen_Rolf_Einar_Jensen_Daniel_Skjoensfjell.jpg
Topp 3: Frå venstre Sven Are Paulsen, Rolf Einar Jensen og Daniel Skjønsfjell
 
Anna_Maria_Feodoroff.jpg
Vinnar av dameklassa:: Anna Maria Feodoroff