Den nye rekorden er no på 25.00, og hadde Vidar-løparen vore meir pressa inn mot mål, ville tida garantert landa på 24-talet. Stian Hovind-Angermund, Varegg imponerte med ein sterk andreplass, og var med 25.49 også under den gamle rekorden frå 2011. Øyvind Heiberg Sundby, IK Tjalve måtte denne gongen ta til takke med tredjeplassen på 26.43, kring 50 sekundar bak bestetida si.

Sterke løp i dameklassen
Ikkje uventa gikk Merete Weng, IL BUL til topps i dameklassen med tida 31.26. Ikkje langt bak kom mora, May Bente Weng, IL BUL på solide 32.01. Tredjeplassen gikk til Ragnhild Anderson, BFG Bergen på 32.53.

Sterk pensjonist og spreke ungdomar
Eit imponerande løp var det også av Leif Molland, AKS 77, som vann klasse 65-69 år på flotte 35.30. 13-åringen Trygve Brendehaug, IL Syril var også suveren, og vann klasse 12-14 år på 35.14., medan Arild Fosse, Voss skiskyttarlag vann klasse 15-17 år på 33.25. Einar Trefall, Eksingedalen i klasse 18-22 år blei totalt nr. 4 i løpet, og vann klasse 18-22 år på 28.34. I yngste jenteklasse var Hilde Fosse, Voss skiskyttarlag klart best med tida 43.20.

Løpet hadde i år 75 deltakarar i konkurranseklassen og 102 i turklassen, og har etablert seg som eit av fleire motbakkeløp med god deltaking.

Rimstigen_Opp_2013_resultater.pdfRagnhild Anderson (Small).jpg
Ragnhild Anderson, BFG Bergen

May Bente Weng (Small).jpg
May Bente Weng, IL BUL

Merete Weng (Small).jpg
Merete Weng, IL BUL

YVINDH~1.jpg
Øyvind Heiberg Sundby

Stian Hovind-Angermund (Small).jpg
Stian Hovind-Angermund, Varegg

YSTEIN~2.jpg
Øystein Sylta, SK Vidar

Rimstigen_Opp_2013_resultater.pdf

Artikkelen og bileta er leverte av Olav Terum.