Rapport fra Svein Steine, Norheimsund:

Eg deltok som einaste norske der. Ca 800 deltakarar totalt på startlista i maraton. I hovudsak russiske løparar pluss ein del frå Kasakstan (nabolandet)og nokre andre nærliggjande tidlegare sovjetrepublikkar. Ei gruppe frå Hong Kong var også med. I tillegg til nokre individuelle løparar frå ”vestlege” land: England 2, Italia 1, Sør-Afrika 1, Tyskland 1, Østerrike 1 og Norge 1 var blant det eg observerte.

Vi vart veldig godt mottekne av arrangøren, og det var eit godt praktisk opplegg med ekskursjonar, tilrettelagt transport og hotell, følge- og tolketeneste osv. Vi vart også intervjua på det lokale TV! Av ei dame med enorme hælar! For øvrig hadde eg ei ganske interessant 15 dagars reise i Russland.

Litt merkverdig er at eg også i 2011 tangerte ”PB” på 3.30.21, som i 2009 og 2010. Eg gjer ikkje noko spesielt for å oppnå denne tida, har snarare nok med å koma meg i mål utan å tenkja på tida.


Siberian International Marathon, Omsk
6. august 2011
RESULTATER:


Menn:
1 Keiyo Kiplimo, Kenya 2:14:25
2 Oleg Marusin, Russland 2:14:35
3 Joseph Ngolepus Pkerker, Kenya 2:25:41
...
162 Svein Steine, Norheimsund 3:30:21

Kvinner:
1 Nina Podnebesnova, Russland 2:37:22
2 Olga Malevich, Hviterussland 2:37:45
3 Dehininet Demsew Jara, Etiopia 2:39:20

Hjemmesider: Siberian International Marathon