– Kroppen vert svakare og svakare under kreftbehandling, og det kan ta lang tid å lære seg å kjenne han på nytt etterpå. Vi organiserer difor fellestreningar og deltek på Sentrumsløpet saman for å byggje positive erfaringar, seier Rebecca Weng som er frivillig for Sjukt sprek-gruppa.
Sjukt sprek har trent systematisk mot Sentrumsløpet sidan februar.
– Vi har i hovudsak trent styrke inn mot springing. I øktene har vi hatt mykje trening av stabilitet og støttemuskulatur. Teknikk og stabilitet står i fokus. Vi har også lagt inn sirkeltrening og energikrevjande sett for å trene kondisjon. Nokre har også vore ute og sprunge, men det har vi ikkje gjort i fellesskap enno på grunn av dei lave temperaturane, seier ho.
Det viktigaste med deltakinga er å ha det moro saman og vere i aktivitet.
– Vi har ikkje lagt planar for kva vi skal gjere etterpå enno, men vi plar å ende opp med litt mat etter eit slikt arrangement, seier Rebecca Weng, og legg til at dei også plar vere med på andre løp.
– I fjor sprang vi 3-kilometeren i Rosa sløyfeløpet. I år vert det 5-kilometeren i Sentrumsløpet. Kanskje vert det 10-kilometeren til neste år, smiler ho.
Sjukt sprek er ein del av Ung kreft, og er for ungdommar som har eller har hatt kreft.
– Ung kreft samarbeider med Aktiv mot kreft, og instruktøren vår er utdanna Aktivinstruktør gjennom Aktiv mot kreft. Det er dei som gjer det mogleg for oss å ha ein trenar, og å vere med på arrangement som Aktiv mot kreft samarbeider med, seier Rebecca Weng.