25. Åkraløpet nok ein suksess!
188 deltakarar i bygda Åkra i Kvinnherad i Sunnhordland med 170 innbyggarar er utruleg!  43 små og store sprang på tid, og 145 kom rundt den vakre bygda som tur. Med barnevogner, sparkesyklar og med hundar. Som vanleg var det flott ver nett då tilskipinga gjekk. 

Løparar kom frå Bergen, Oslo og Stavanger, og sjølvsagt frå Kvinnherad. 

Nyopning av SJØBUO
Ein flott kafé er nyopppussa på kaien i Åkra. Her er plass til om lag 35 menneske. Ein flott, teneleg samlingsplass for bygdafolk og båtfolk. 

Alle bileta: Kondis/Gisle Sellevold

Løpsgrûnder Kurt Reidar Jegteberg:

Idégründar Kurt Reidar Jegteberg_640x427.jpgOm lag 170 innbyggarar i sjølve Åkra. Idégründar Kurt Reidar Jegteberg har all grunn til "tumbs up" med 188 deltakarar.
 

Intervju med løpsgrûnder Kurt Reidar Jegteberg:

Kondis: Du skipa til slektsstemne samtidig med hjartebarnet ditt: Åkraløpet?
Kurt Reidar: Det var andre slektsmedlemmer som sto for det arrangementet, fordi det var ei grei helg og samle folk på.

Kondis: Korleis kom ideen med Åkraløpet, eller Bygda Rundt?
Kurt Reidar: Det starta med at eg hadde oppvarming med volleyballgruppa rundt bygda, og syns det var ei passeleg lengde på ei løype der alle aldersgrupper kunne delta. Det var då ideen til løpet kom.

Er det nokon som har vore med alle 25 gongane?
Kurt Reidar: Ja, det er 4 stk, eg sjølv, to av sønene mine og mor mi, som har deltatt alle gongene.

Kondis: Det var få vaksne damer med i år. Kva kan de gjera med det?
Kurt Reidar: Det varierer frå år til år, men tross alt synest eg ikkje at det var så få.

Kor mange startar har det vore totalt på alle desse åra?
Kurt Reidar: Har ikkje talet eksakt, men om lag 2500 - 3000.

Kva har arrangementet hatt å seia for denne vesle bygda, trur du?
Kurt Reidar: Tilbakemeldinger eg har fått, er at det er noko som skjer i bygda, ein sosial sammenkomst, der alle aldrar deltek, og for enkelte har det blitt ein tradisjon. Mange utflytte som kjem heim til pinsehelg og samlast denne dagen her betyr mykje for bygda.

Kva har vore største problema opp gjennom åra?
Kurt Reidar: Det er å få alle bygdene i området til å delta.

De har no ein særs rutinert stab med faste folk i kaféen, og Bjørn Rune Bergane, og Lars Emil Berge i sekretariatet. Kva har det å seia?
Kurt Reidar: Det har alt å seie at ein har dei faste rutinerte til same oppgåver. Då gjeng alt på skinner.

Kondis: er du medlem i Kondis?
Kurt Reidar: Ja, det er eit flott blad og organisasjon.

Til sist: Kvifor heiter det Matre IL, når det meste går føre seg i Åkra?
Kurt Reidar: Eg veit ikkje, men det er nok fordi det var der idrettslaget blei stifta i 1958.

Kondis: Gratulerer med særs vellukka tilskiping til deg, alle funksjonærane og Matre IL.

Martin og Vegard i teten frå start til mål_640x427.jpgMartin Femsteinevik (nr 1) Vegard Årthun Bergane (nr 2) og Johannes Heien (nr 3) i tet frå start til mål

Intervju med vinnaren, skiskyttaren Martin Femsteinevik

Kondis: Fødselsdato og klubb i skiskyting? 
Martin: 16.02.1994, Hålandsdal IL

Kondis: Du er fyrst og fremst skiskyttar. Kan du seia litt om korleis du trenar, og kor mykje du trenar?
Martin: No i sommarhalvåret prøvar eg å variera ein god del i treninga, alt frå springing til sykling og rulleski. Dette for å bygga opp ein så stor grunntreningsmengd som mogleg utan å pådra meg belatningsskadar. Men har sjølvsagt eit ekstra fokus på rullskidelen, og prøver å ha minst 25-30 timar med skøyting (ski eller rulleski) per månad òg i sommarhalvåret. Årleg treningsmengd ligg for meg på mellom 700 og 750 timar fysisk, og om lag 150 timar skyting.

Kondis: Kan du seia litt om ambisjonane dine i skiskyting? 
Martin:  Som skiskyttar er ambisjonane mine først å fremst å bli så god som mogleg for meg sjølv, men eg ser jo allereie no at eg på svært gode dagar kan hevda meg topp ti i Noreg. Derfor ser eg på det som molgeg og ein dag å kunna gå verdscup, VM og OL for Noreg. Dette er sjølvsagt eit mål, og ei gulrot som eg heile tida jobbar mot. Så set eg meg mindre mål på vegen mot toppen.

Kondis: Du spring ein god del, forstår me. Du spring for Varegg IL, som er tilskipar av det flottaste evenementet i landet, Stoltzekleiven Opp. Kvifor Varegg IL?
Martin: Grunnen til at eg spring orientering for Varegg, er det at o-gruppa i klubben heime, Strand-Ulv, på eit tidspunkt berre bestod av familien vår. Då fekk me ikkje moglegheiten til å delta på stafettar, og i tillegg viste det seg å vera økonomisk meir lønnsomt å vera med i ein større klubb. Varegg er jo òg med på dei store stafettane i Sverige og Finland, Tiomila og Jukola. Og dette er stafettar som det er særs kjekt å vera med på.

Kondis: Du sette løyperekord med 10.08 på 3.2 km sterkt kupert løype, etter hard kamp med Vegard Årthun Bergane som hadde rekorden. Kan du fortelja litt om den fighten?
Martin:  Me to heldt saman heile vegen i løypa. Allereie etter eit par hundre meter trur eg at me hadde rista av oss alle dei andre. Eg hadde bestemt meg på førehand for at eg skulle ta kommandoen i løpet slik at eg kunne springa i min rytme heile vegen. Difor drog eg heile vegen gjennom løypa, men i og med at eg heile tida høyrde både stega og pusten til Vegard like bak meg, skjønte eg at han var med, og at eg berre måtte pressa på det eg orka for å halda størst mogleg fart. I nedoverbakkane mot slutten av løpet fekk eg høyra at eg hadde fått eit par meter på han, og dermed kunne eg roa ned litt før spurten. Dei siste 2 – 3 hundre metrane er i motbakke, og på den korte flata før denne motbakken roa eg litt ned. Då kom Vegard heilt opp i ryggen på meg igjen. Så når kom gjennom siste sving og starta på motbakken, starta eg spurten, og då var det berre å trø til med det ein hadde heilt til ein kom i mål. Heldigvis for min del holdt det heilt inn. Utan at Vegard og eg hadde pressa kvarandre slik me gjorde, er det ikkje sikkert at me hadde klart å springa under den tidlegare løyperekorden begge to, men i og med at ingen ville gje seg, sprang begge to raskare enn den gamle løyperekorden. Noko som må seiast å vera veldig bra.

Kondis:At det var bra er Kondis heilt samd med.  Kva tykkjer du om tilskipinga her i Åkra?
Martin:  Eg synst at arrangementet var svært bra. Særleg med tanke på at Åkra ikkje er nokon stor plass, men ei lita bygd i enden av ein veg, så fekk dei til eit svært godt arrangement. Dette var min første tur til Åkra, og eg må seie at det var ein idyllisk liten plass. Og arrangementsstaben gjorde etter mi meining ein framifrå god jobb.

Kondis: Korleis fekk du vita om Åkraløpet?
Martin: Eg har høyrd om Åkraløpet tidlegare gjennom at eg har lese om det i lokalavisa, men det har alltid vore i veka etter løpet. I år såg eg at nokon hadde likt eller delt Kondis sin reportasje på Facebook. Det var slik eg fekk veta at det skulle arrangerast på Pinseafta.

Kondis: Kan du tenkja deg å koma att neste år?
Martin: Slik arrangementet var i år kan eg godt tenka meg å koma tilbake neste år. Det einaste som talar i mot det er det at eg tidlegare har hatt for vane å vera på ski anten på Sognefjellet eller Vikafjellet i Pinsehelga. Men grunna dårlege vêrmeldingar var ikkje det aktuelt i år, og då var det veldig kjekt å kunna vera med på Åkraløpet. Så til neste år får me sjå om Åkraløpet vert prioritert framfor skihelg…..

Kondis: Er du medlem i Kondis?
Martin: Nei, det er eg ikkje, men eg les stadig vekk artiklar på nettsida www.kondis.no!

Kondis: Gratulerer og  takkar for fine og fyldig svar. 
Du har nett vunne eit heilårsabonnement på Kondis. Det inneber ti Kondismagasin i året, treningsdagbok og rabattar m.a. på Løplabbet og Sportsmaster og mange, mange andre butikkar. 
Gratulerer så mykje med sigeren og løyperekord på 10.08. 

Kristine Skeie vann Åkraløpet og fekk stipend av klubben sin, Matre IL
Kr 1500,- i stipend til den unge, lovande Matre IL-jenta. Og så vann ho løpet attpå. Ein god dag for den blide jenta. I tillegg får ho gratis årsmedlemsskap i Kondis! 

IMG_1890[1].JPG
Kristine Tveit frå arrangørklubben vann løpet, og fekk i tillegg stipend. Her gratulert av arrangørane Bjørn Rune Bergane og Kurt Reidar Jegteberg.

Vakkert rundt heile løypa:
Flott, nyoppsett velkomstskilt_640x427.jpgHer er det meste lagt til rette for at ein skal kjenna seg velkomen

Kroker til nytt velkomststativ_640x427.jpgNed til minste detalj. Her kjem vel gras på, og då vert det skikkeleg fint.

Aktiv klasse store og små ventar på startskotet_640x427.jpgOn your marks,,,

...og flotte hagar_640x427.jpg
Etter 2.5 km kan turgåarane oppleva dette, løparane neppe...

Åkra bru frå 1922_640x427.jpg
Åkra bru frå 1922

Idrettsglede_640x427.jpgIdrettsglede!

Blomar over alt langs løypa 2_640x427.jpg
Rett etter starten ved Åkra skule, møter ein på dei fyrste flotte blomebeda.

Heia_640x427.jpgNokon har gjort seg føre i sjølve traseen.

Innsats frå starten av_640x427.jpgTopp innsats av store og små!

Flotte, restaurerte hus_640x427.jpg
Her eit gamalt hus som er omgjort til ein moderne, vakker bygning.

Du har fått eit par meter, Martin!_640x427.jpgPappa Femsteinevik informerer om avstand bak til Vegard Årthun Bergane

IMG_1723.jpg
Nedover siste bakken med full innsats og stor fart.



Blomar over alt langs løypa_640x427.jpg
Overalt er det velstelt. Ein flott plass å busetja seg. Det er lett å koma i kontakt med bygdefolket. Fleire innvandrarfamiliar er eit prov på det.

Kristian Hillesdal... var med_640x427.jpgJa, det var mange måter å koma seg gjennom løypa på. Her trur me at det er Kristian Hillesdal som er komen over den tøffaste motbakken opp til 1.5 km.

Blomebed og utsikt over Åkrafjorden_640x427.jpgBlomebed ved kyrkja - og utsikt over Åkrafjorden, like før sola kom....

Mange interne fightar_640x427.jpgHer er det intern fight etter ca 2.5 km

Blomebed ved kyrkja_640x427.jpgNokre hundre meter frå løypa - ned mot kaien.


Premiering yngste gutar_640x427.jpgYngste guteklasse - alle fekk premie.

Spurt no, spurt no!_640x427.jpgSpurt no, spurt no! Fighting face. Råsterk avslutning! 

Mykje folk, så og seia samtlege deltok_640x427.jpgMykje folk, så og seia alle deltok. Også onkel til Håkon Oppdal, Kjell Eikemo med solbrillar til venstre. 

Sandvolleyballturnering_640x427.jpgSandvolleyball-turnering gjekk samstundes med Åkraløpet. 

Resultat:
3 raskaste jenter: (Rekord: Marit Årthun 11.34)
1. Kristine Tveit              (11- 16)   Matre IL       14.27
2. Marit Elise Haugland        (45-49)                   14.54
3. Elin Øvstebø Birketvedt     (50-54)    Høvik Jogg     15.13


Tre raskaste gutar:
1. Martin Femsteinevik         (21-34)    Varegg IL      10.08   Rekord! 
2. Vegard Årthun Bergane       (21-34)    Matre IL       10.12
3. Johannes Heien              (21-34)                   10.48


Full resultatliste til slutt i reportasjen.

Åkraløpet 2015 (frå arrangøren).  
Det var 43 løparar i konkurranseklassa, og 145 i trimklassa. Totalt mangla det bare 4 personar på deltakarrekord!  Veret var fint, ikkje for varmt, men opphaldsver! Skiskyttaren Martin Femsteinevik, Hålandsdalen,  sette ny løyperekord i herreklassa etter ein durableg fight med Vegard Årthun Bergane, Matre IL.. I dameklassa vann Kristine Tveit, Matre IL. Det var 25-årsjubiléum, og det ser ut til at løpet har blitt svært populært. Det er mange gavepremiar og premie til alle aktive.

Politikarduellen vart det ingenting av, då den eine ordførarkandidaten ikkje rakk løpet. Men Johnny Håvik gav alt, både i løypa og i ein quiz om Åkra/ Baugstranda etter løpet.

Trimklasse:

Aslak Ringhus, Torunn Øygarden, Bjørn Rune Bergane, Louise Årthun Bergane, Ruth Solveig Årthun Bergane, Askeld Vika, Gurine Jensen, Jon Magnar  Jensen, Arnhild Holmedal, Milla Holmedal Åsheim, Torbjørn Holmedal Åsheim, Lisa Jonetta Ølvestveit, Aud Markhus, Eilert Jegteberg, Anne Lise Hillesdal, Ole Martin Hillesdal, Jorunn Almås, Jan Øvstebø, Andre Øvstebø, Katrine Øvstebø.

Kjell Eikemo, Else Miljeteig, Reidun Vågen, Sigrid Løvereide,  Leif Arne Løvereide, Ole Mikal Skeie, Ludvig Leander Skeie, Alva Eline Skeie, Berit Berge, Edmund Berge, Knut Are Berge, Hagar Berge, Benjamin O. Hadzic, Anita Oppedal, Knut Søllesvik, Inger Søllesvik, Isak S. Søllesvik, Jonas S. Søllesvik.

Hildegunn H. Slåke, Madli H. Slåke, Kristian Slåke Handeland, Gerd Slåke, Ingrid Brekke, Rolf Hellevang, Julian B. Hellevang, Madelen B.Hellevang, Gunnhild Brekke, Børge Brekke, Simen Brekke, Kristoffer Brekke, Matias Brekke, Jonatan Brekke, Sveinung Brekke, Cecilie Brekke, Sondre Brekke, Vegard Brekke, Jarand Brekke, Mette Kavlie Bragstad, Kamilla Kavlie Bragstad, Arnhild Vikane.

Valbjørg Eikemo, Jorunn Karin Furdal, Trude Eikemo, Sigve Børve, Svein Brekke, Else Halleland, Johanna Åkra, Magnhild Godø, Hans Petter Godø, Evy Brekke, Heine Sæverud Jensen, Sander Sæverud Jensen, Ingunn Sæverud Jensen, Erik Johan Furdal, Anna Sigrunn Furdal, Anita Johannesen Furdal, Malene Hillesdal Hegland, Kjersti Hillesdal, Johan Hillesdal, Kristian Hillesdal.

Solveig K. Alme, Bodil H. Solheim, Lotta Solheim Markhus, Stein Ove Brekke, Nikolai H. Brekke, Margunn Ueland, Troy Ueland, Kristoffer Ueland, Anita Ueland, Kamilla Viste, Reidun Sørheim, Oddbjørn Sørheim, Knut Olav Sørheim, Hanne Eikeland, Odin Eikeland Sørheim, Gisle Sellevold, Britt Torhild Tveit, Jostein Vågen, Eirunn Brekke, Kjell Kinn, Gunnbjørg Kinn, Gunnbjørg Vågen, Johannes Vågen, Niklas Vågen, Kjersti Vågen, Geir Rune Berge,  Eirik K.Berge, Brynjar Berge, Anne Grethe K. Berge, Maria Skarveland, Lars Emil Berge, Kurt Reidar Jegteberg, Tone Skeie, Emil Jegteberg.

Kurt Raymond Jegteberg, Terje Tjelmeland, Gunnlaug Tjelmeland, Karin Vågen, Joakim Midtun, Emil Vågen Midtun, Magnus Vågen Olsen, Marta Vågen, Inger Vågen, Rasmus Vågen, Anna Torill Vågen, Wenche Abrahamsen, Anne Lise Tveit, Camilla Vangen, Inga Åkra, Siv Iren Åkra Haugen, Jon Olav Åkra Haugen, Anne Jorunn Åkra, Yngve Haugen, Torger Peder Øvstebø, Tanja Eikemo, Kari Øvstebø.

Marita Jegteberg, Julian Jegteberg Folgerø, Emma J. Folgerø, Oliver J. Folgerø, Belinda Jegteberg, Linus Høllesli, Sondre Høllesli, Sindre Mathias Jegteberg, Ragnhild Jegteberg.

AKTIVE:

10 år og yngre gutar:
Kristoffer Leiknes                                      24.28
Dennis  Solheim Markhus                                 24.13
Simen Berthelsen                                        15.35      
Markus Guddal,                 Rosendal TL              15.42
Arne Leiknes                                            21.01
Kristian Lindskog                                       19.42
Tomas Dybdal,                  Falkeid IL               20.29
Ola Vågen,                     Matre IL                 20.37


Jenter 10 år og yngre:
Madeleine Berge                Matre IL                 19.58
Agathe Ølvestveit              Matre IL                 21.28


Gutar 11-16 år:

  1. Magne Årthun Bergane      Matre IL                 12.10
  2. Vebjørn Holmedal                                   12.17
  3. Otto Femsteinevik         Hålandsdalen             12.18
  4. Kristian Øvstebø          Uskedalen IL             13.24
  5. Nikolas Kavlie Bragstad   Loddefjord               13.33
  6. Deimantas Reimant         Matre IL                 13.51
  7. Andreas Ølvestveit        Matre IL                 14.17
  8. Asgeir Vågen              Matre IL                 14.54
  9. Andreas Hauge Brekke                               14.59
  10. Torbjørn Haugland         Uskedalen IL             15.27
  11. Viar Vågen                Matre IL                 16.59
  12. Hjalmar Ølvestveit        Matre IL                 17.55
  13. Hugne Furdal              Matre IL                 23.22
  14. Mikal Øvstebø             Matre IL                 24.13

Jenter 11-16:

  1. Kristine Tveit            Matre IL                 14.27
  2. Ine Fu Di Farestveit      Matre IL                 17.01
  3. Ina Margrete Berge                                 20.35

21-34 herrer:

  1. Martin Femsteinevik       IL Varegg                10.08 Løyperekord!
  2. Vegard Årthun Bergane     Matre IL                 10.12
  3. Johannes Heien            IL Ternen                10.48
  4. Olav Åkra                 Matre IL                 13.35
  5. Steinar Lillevik          IL Ternen                13.47
  6. Vegard Jegteberg          Matre IL                 15.43
  7. Johnny Håvik              Arbeiderpartiet          16.31

21-34 damer:

  1. Anita Furdal Leiknes                               24.30


35-39  damer:

  1. Venke Ølvestveit           Matre IL                21.29

40-44 herrer:

  1. Carl Berthelsen                                    15.34

45-49 herrer:

  1. Stein Olav Ølvestveit      Matre IL                14.16

40-44 damer:

  1. Hilde Bauge Isaksen                                15.43
  2. Liv Solfrid Ø. Berge                               18.07


45-49 damer:

  1. Marit Elise Haugland                               14.54
  2. Anngunn Garlid                                     16.36


50-54 damer:

  1. Elin Øvstebø Birketvedt     Høvik Jogg             15.13