57 deltakarar på 2.2 km rundt Eikangervågen. Ein tøff 2.2 km, men å løpa på grusveg nede ved vågen er ei flott oppleving. 400 m motbakke på slutten er tøffe tak, men ei grei løype og eit flott arrangement er det. Hyggelege kommentarar, god atmosfære og trekkepremiar, gjer at mange kjem igjen og igjen. Ein av deltakararane var med for 202. gong. Det seier litt. Karusellen er i sin 32. sesong. Det fortel mykje om eldsjelene i Eikanger IL.

Eikanger er vel ikkje så kjend for dei fleste av lesarane. Det ligg i Nordhordland på austkysten av Lindås med utsikt over til ei anna vakker perle - Osterøy. For å koma til Eikanger køyrer ein frå Bergen over Nordhordlandsbrua og gjennom Knarvik, og eit par mil seinare kjem ein til Eikanger. Kvart år er det  9- 10 løp i denne karusellen.  26. mars og 9. april går dei to siste løpa denne sesongen for dei som vil prøva seg.

Bildet: Primus motor,Stanley Hauge, deler ut startnummer

Les meir og sjå fine bilete på til arrangøren si eiga nettside