Årets fyrste vinterkaruselløp gjekk føre seg tysdag 3. januar. Omlag sytti deltakarar møtte fram til årets fyrste trimløp i distriktet. Vèret var mildt og utan regn då starten gjekk. Tidene var jamt over gode, i høve til løparane sine bestenoteringar frå løpa tidlegare denne sesongen. Det er kjekt at mange som er heime på juleferie, fann vegen til Strandebarn Idrettspark denne kvelden.

To av dei var Hege Olsen og Geir Vegard Brenne. Dei deltok for fyrste gang på årets karusell. Men dei har vore med på Vinterkarusellen før når dei har vore heime i Strandebarm. Dei synte solid form begge to. Hege var den andre kvinna som kom i mål, og Geir Vegard var også av dei fyrste blant mennene. Pernille Djupesland var med på karusellen for aller fyrste gang. Ho er heime på juleferie frå studiar i Oslo, og gjorde eit flott løp. Mikal Børsheim har vore med på mange karuselløp heilt frå han var liten gut. No går han på skule på Hamar, men fekk sjølvsagt med seg karuselløpet denne fine tysdagskvelden.

Frida Berge var fyrst i mål av kvinnene. Ho er i god trening, og hadde kun lagkameraten Bjørnar Sandnes Lillefosse føre seg i mål. Det er fyrste gang i karusellens historie at ei jente er so langt framme som nummer to i mål. Men so er Frida blant dei beste ungdomsløparane i Noreg. Men det er fyrst og fremst mosjonen som står i fokus på Vinterkarusellen, og deltakarane fekk ein nydeleg trimtur denne januarkvelden, i godt selskap med kvarandre.

Etterpå var det premieutdeling, med premiar trekte på startnummer. Hovedgevinsten på femhundre kroner til bruk på Mo Sport i Norheimsund vart vunnen av Mette Lammedal. Dette var velfortent sidan ho kvart år gjer unna utallige dugnadstimar i idrettslaget i ulike verv og posisjonar, til gode for alle som glade i mosjon og idrett. Energiposane med drikkeflaske, refleks, energisjokolade o.l. vart vunne Per Brekke og Sander Klever. Den populære blå vinterkarusell-tskjorta var det Liv Berit Bru Eide som vann. Ho har gjort mange gode løp i karusellen i vinter. Neste løp vert om tre veker på same tid og stad, dvs. tysdag 24. januar kl 19. Alle er velkomne til kjekk og god trim!

Rapport ved: Johannes Skogseide Børsheim, Strandebarm IL

Strandebarm Vinterkarusell
5. løp, 3. januar 2012
Arr.: Strandebarm IL

Resultater:

Per Eivind Austefjord 24,22
Torunn Baldersheim 30,17
Amoline Berge 25,40
Frida Berge 14,40
Kjell Egil Berge 27,49
Nils Ove Berge 15,12
Tage Berge 21,19
Ragnhild Brattli 38,14
Per Brekke 25,31
Geir Vegard Brenne 15,38
Valdemar Børresen 19,19
Anne Christin Børsheim 24,08
Ingrid Børsheim 21,28
Mikal Børsheim 16,32
Samuel Børsheim 20,46
Pernille Djupesland 21,20
Anita Eide 38,14
Liv Berit Bru Eide 23,26
Eline Sandnes Fosse 17,38
Knut Øystein Fosse 15,24
Torill Gjerde 25,17
Reidun Samland Gravdal 27,05
Inger Marie Hanstveit 27,05
Marie Hauge 20,47
Solveig Hauge 27,05
Grete Hjertaker 28,31
Sivert Håland 28,12
Vigdis Håland 25,45
Sander Klever 26,23
Herlaug Kvamsøy 23,27
Adrian Kåreid 37,44
Mette Lammedal 29,23
Øystein Lammedal 29,18
Turid Lid 22,30
Arthur Lillefosse 23,37
Bente Sandnes Lillefosse 29,10
Bjørnar Sandnes Lillefosse 14,23
Marit Linga 26,16
Karen Matthiessen 26,16
Grete Milje 24,47
Kåre Milje 21,03
Amalie Svåsand Måge 20,23
John Olav Måge 15,16
Lars Måge 20,23
Ove Måge 14,57
Solveig Måge 40,58
Sondre Svåsand Måge 31,18
Liv Nærnes 24,45
Hege Olsen 16,46
Annhild Oma 26,27
Even Mundheim Oma 26,21
Lars Mundheim Oma 19,47
Trym Sandven 42,35
Tuva Sandven 42,35
Elisabeth Skogasel 29,18
Celina Skogvoll 21,25
Jessica Skogvoll 28,20
Monica Skogvoll 21,28
Bodil Stranden 25,09
John Svahn 18,33
Silje Svåsand 31,18
Arvid Tangerås 18,25
Irene Tangerås 21,25
Lars Tveitnes 15,49
Lene Tørvik 42,35
Anne Christine Viken 26,16
Beate Viken 33,50
Kjersti K Vågen 18,25
Adam Øygard 19,47