Nivået i 10 km Parelloop TOP Run var svært høgt, og Micah Kogo frå Kenya vann på 27.15. Landsmannen Mike Kigen leverte òg eit klasseløp med 27.26. Så var det eit god luke ned til dei 11 karane som sprang på 28-talet. I alt noterte 24 mann tider under 30 minutt, og svenske Eric Senorski vart nummer 22 med 29.48.  

Urige Buta passerte 5 km på 14.07, og den andre 5 kilometeren har med andre ord gått på 14.28.

I kvinneklassen var det òg med mange sterke løparar, og den tyske maratoneksperten Irina Mikitenko gjekk til topps med 32.06. Ho hadde selskap av kenyanske Tabita Wambui Gichia til halvvegs, men på dei siste 5 kilometrane sprang Mikitenko frå med 54 sekund. Gichia vart forbisprungen av Elizeba Cherono og endte på tredjeplass.

Løypa i Brunssom er rask, og for to år sia sette årets vinnar, Micah Kogo, verdsrekord i same løypa med 27.01. Den rekorden stod seg i halvanna år, til landsmannen Leonard Patrick Komon sprang på 26.44. Også det skjedde i Nederland, nærare bestemt i Utrecht. 
 

10 km Parelloop TOP Run    
       
  Menn    
1 Micah Kogo Kenia 27:15:00
2 Mike Kigen Kenia 27:26:00
3 Mark Kiptoo Kenia 28:13:00
4 Philip Langat Kenia 28:14:00
5 Stanley Salil Kenia 28:24:00
6 El Mostapha Ryad Bahrein 28:26:00
7 Patrick Kimeli Kenia 28:27:00
8 Essa Ismael Rashed Katar 28:28:00
9 Peter Wanjiru Kenia 28:28:00
10 Charles Korir Kenia 28:34:00
11 Noureddin Htaibi Marokko 28:34:00
12 Urige Arado Buta Ethiopië 28:35:00
13 Abdelhadi El Hachimi Marokko 28:59:00
14 Bashir Abdi Gent 29:01:00
15 Stephen Chelimo Kenia 29:06:00
       
  Kvinner    
51 Irina Mikitenko Duitsland 32:06:00
60 Elizeba Cherono Kenia 32:45:00
64 Tabitha Wambui Gichia Kenia 33:00:00
71 Naomi Maiyo Kenia 33:52:00
74 Talam Dorcas Kenia 34:25:00
75 Ilse Pol Nederland 34:26:00
76 Joan Rotich Kenia 34:46:00
77 Alice Jepkemboi Kenia 35:02:00
79 Manuela Soccol België 35:13:00
80 Lindsay van Marrewijk Nederland 35:19:00

Alle resultat

Reportasje hos IAAF