Ingressbiletet: Stilig premieutdeling på 3000 m i klasse 70-74. Foto: Gisle Sellevold/Kondis. (Klikk for litt større bilete)

Harald Nygård og Bjarte Bogstad imponerte

Det var fleire gode langløpsresultat under fyrste dag av veteran-NM. Her er mange klassar frå snart 35 år til 90+ for kvinner og menn. Det gjer det litt vanskeleg å samanlikna. Men løpa til 62-åringen Harald Nygård frå AKS-77 med 10.29 på 3000 m og den 10 år yngre Bjarte Bogstad frå IL Gular med 16.29 på 5000 m er flotte resultat. 

Mens mannfolka løp 3000 m eller 5000 m var distansen 1500 m for damene. I klasse 65-69 år deltok to av dei beste veteranane i Norge som også har sanka edelt metall i EM og VM for veteranar. Oddbjørg Haakensveen, Veldre (68 år) vann på 6.14.90 føre Marian Stenbakk, Moss (69 år) på 6.34,87. Imponerande fart!

Resultater lørdag 10. august
Resultater fredag 9. august
Startliste
NMs nettside

ivar_ekeberg_og_harald_nygaard.jpg
3000 m 60-64 år: Harald Nygård (nr. 25) vann. medan Dagfinn Kaspar Nyhammer (nr. 66) vart nr. 3. Til høyre ser vi Ivar Egeberg som i 1974 løp 10.000 m på 29.17. Det holdt den gongen til ein 7. plass på norgesstatistkken. Sidan har Ivar prega norsk idrett som administrator, men har nå også snørt på seg løpeskoa igjen. Ingen av dei som var betre enn han i 1974 var å finne på startstreken i Byrkjelo. Foto: Gisle Sellevold/Kondis

gunnar_bjoern_solfjeld_pratar_med_NRK_640x480.jpg
Gunnar Bjørn Solfjeld pratar med NRK, som laga reportasje fra NM. For Gunnar Bjørn vart det fjerdeplass på
3000 m i klasse 60-64 år.                                                                              Foto: Gisle Sellevold/Kondis.

bjarte_bogstad..jpg
Klasse 50-54 år: Eit av dagens aller beste resultat i Byrkjelo sto Gularløparen
Bjarte Bogstad for på 5000 m. Foto: Gisle Sellevold/Kondis

helge_hafsaas_3.jpg
Klasse 45-49 år:  Vanligvis løper Helge Hafsås maraton og har vunne 160 av maratonløpa han har delteke i.
I Byrkjelo fredag stilte han på 5000 m og vann med 17.24 . Foto: Gisle Sellevold/Kondis.

Pust_i-bakken_etter+gode_loep.jpg
Klasse 70-74 år: Dei tre premievinnarane på 3000 m tar ein pust i bakken etter løpet. Frå venstre: Arne Mjelde (160) vart nr. 3, Hagbart Vedbostad (189) vant og Gunnar Gaulen (24) tok sølv. Det var eit meget jevnt oppgjer med berre 1,5 sekund mellom nr. 1 og 2. Sterk vinnartid: 12.29. Foto: Gisle Sellevol/Kondis. Sjå også ingressbiletet øverst.