Frå Eirk Vangsnes har Kondis fått eit referat frå ultraløp i Pyreneane med fleire gode norske resultat:

Sterk 4. plass til Mari Fenre

Mari Fenre frå Team Hoka stilte på PDA-distansen over 51,5 km og 3100 høgdemeter som gjekk torsdag 4. juli. Denne dagen var det gode konkurranseforhold. Mari hang med topp ti heile vegen og hadde ei sterk avslutning der ho til slutt avanserte opp til ein sterk 4. plass. Vinnar var Inés Astrain, føre Gisela Carrion Bertran og Marta Perez Maroto. Alle tre frå Spania. Vinnartida var 6.12.02 og Mari klokka inn 15.50 min. etter det.

Maro Klakegg Fenre på 6. plass etter 60 km.
Mari Fenre løp PDA-distansen over 51,5 km og 3100 høgdemeter og kom på 4. plass (Arkivfoto: Ida Jordhøy)

Ein kamp om å komma seg til mål

Fredag 5. juli sprang Sebastian Krogvig frå Team Dynafit  CDH-løpet over 110 km og 6400 høgdemeter. Denne dagen skulle bli brennande heit. Med start kl 6.00 om morgonen gjekk det greitt opp første fjellet, men ut over dagen blei det høge temperaturar, godt over 30 grader. Sebastian uttalte på sin Strava-konto etter løpet at dette var det tøffaste ultraløpet han nokon gong hadde gjennomført. Han var oppe på ein 3. plass rundt 75 km, men mot slutten tok heten han og det vart ein kamp om å komma seg til mål i Vielha.

Engelske Luke Grenfell-Shaw vann i suveren stil på den råsterke tida 12.05.03, føre Andreu Simon Aymerich og Goar Lopetgui Nieto, begge frå Spania. Sebastian kom inn 54.38 min etter vinnaren og var godt nøgd med å persa med vel 14 minutt i forhold til 2023. Den gang vart han nr 3.

Ved utdeling av startnummer til eliteklassen. Sambuar og ultraløperparet Sebastian Krogvig og sambuar Kirsten Amundsgård.jpg
Ved utdeling av startnummer til eliteklassen. Sambuar og ultraløperparet Sebastian Krogvig og sambuar Kirsten Amundsgård. (Foto: privat)

Måtte gje tapt mot varmen

Geir Ødegaard frå Røa IL vart nr 19  i same løp, på tida 15.47.38 og kom på andreplass i klasse 45-49 år. Både Mari og Sebastian var klassevinnarar i 35-39. Kirsten Amundsgård frå Team Dynafit hang lenge godt med i CDH-løpet, men måtte gje tapt mot varmen etter vel 65 km, til liks med veldig mange andre som heller ikkje kom seg til mål. På 110-distansen var det berre 482 av 1191 startande som gjennomførte.

Seint på fredagen slo det til med eit valdsamt uvær, med lyn og torden, regn og vind. Det gjorde at den lengste distansen VDA over 158 km vart stoppa og kansellert. Nett det same skjedde i 2023.

Ein kuriositet av det sjeldne møtte leiarfeltet på CDH-løpet tidleg fredag morgon. Opp det første fjellet oppdaga Sebastian ein brummande bjørnunge klatrande i eit tre like ved stien. Dei fekk eit felles minne for livet frå naturskjønne Pyreneane, som har eit fantastisk rikt dyre- og fugleliv, trass i at det ligg i sentrale strok av Europa, i grenselandet mellom Spania, Frankrike og Andorra. Bra at ikkje bjørnemor dukka opp.

Arrangørens heimeside

Nedkjøling i elva etter målgang.jpgNedkjøling i elva etter målgang. (Foto: privat)