Hilde Marthinussen (biletet) var løpar nr 15000 som gjekk i mål i Vinterkarusellen sidan starten i 1979.

Heile 105 deltakarar stilte til start på Eikanger laurdag. Førre gong det var over 100 deltakarar var i 4. løpet i sesongen 1998-99. Og ein må heilt attende til toppsesongane i joggebølgja midt på 1980-talet for å finna høgare deltakartal. Rekorden er 120 startande i første løpet hausten 1985.

Lasse Nordal hadde hardast konkurranse av Knut Magne Hauge som kom i mål på 6.45. Også for han var det ny bestetid i karusellen, seks sekund raskare enn i løpet han vann i november 2011. Nordal si førre bestenotering var frå første løpet i fjor haust. Det var også andre gong han gjekk til topps i karusellen.

På tredjeplass laurdag kom ein anna unggut, Tarjei Styve Matre, på 7.19, medan Ole Vabø vart nummer fire på 7.32.

Grethe Jørgensen sprang denne gongen på 8.23 og var på ny raskaste dame. Ho har vore beste dame i åtte av dei ti løpa denne sesongen. I herreklassen har det derimot vore ti forskjellege vinnarar.

Det var vinterlege forhold under løpet laurdag, med snøbyer under løpet. Både i starten og under innspurten var det tett snødrev. I løypa var det stort sett berr veg, men i nokre hundre meter var det litt snø og slaps. Ut frå forholda var det mange som leverte sterke løpsprestasjonar, fleire sette sesongbeste eller ny bestenotering trass det sure veret.

Hilde Marthinussen vart deltakar nummer 15 000 i karusellen sidan starten i 1979. Samla deltakartal etter denne sesongen er 15 034. I dei ti løpa i 2012-13 var det i alt 713 startar, som er rekord for karusellen. Men gjennomsnittstalet var høgare i åra 1984-86, med ca. 96 startande per løp.

Anders Eidsnes (153 startar) og Jan Kårbø (151) fekk premie for å ha passert 150 startar i karusellen. For 100 startar vart det premie til Åge Toft (106) og Tone Sperrevik (103). Tone Sperrevik er første kvinna som har passert denne milepålen. For 75 startar fekk Håkon Rongved og Svein Helge Hofslundsengen premie, begge med 79 startar. For 30 startar vart det premie til Are Flekke (32), Rune Eikanger (31) og Bjørn Inge Midtgård (30).

Flest løp i karusellen har framleis Terje Eidsnes med 221. Han vert følgd av Sverre Solberg 211, Steinar Haukås 208, Alf Høyland 199, Sigmund Nævdal 198, Arvid Hauge 193, Leiv Eidsnes 188, Sverre Låstad 158, Anders Eidsnes 153 og Jan Kårbø 151.

Eikanger IL tek sikte på ny karusellsesong til hausten, truleg med første løp midt i oktober.

Vinterkarusell 2012-13, 10. løp.

Eikanger 6. april 2013

Arr.: Eikanger IL

Snøbyer, + 2° C.

Berr veg det meste av løypa, litt snø nokre hundre meter.

«Brua rundt», ca. 2 150m

1. Lasse Nordal

6.39

2. Knut Magne Hauge

6.45

3. Tarjei Styve Matre

7.19

4. Ole Vabø

7.32

5. Jogeir Romarheim

7.48

6. Harald Marthinussen

7.52

7. Einar Skrede

7.53

8. Atle Austrheim

8.01

9. Arve Sletten Hansen

8.07

10. Rolf  Vabø

8.16

11. Andreas Kallestad

8.22

12. Grethe Jørgensen

8.23

13. Jan Kårbø

8.57

14. Øyvind Kallestad

9.03

15. Kristin Romarheim

9.06

16. Are Flekke

9.23

17. Kristian Skrede

9.24

18. Trond Sellevold

9.26

19. Silje Nordal

9.29

20. Terje Eidsnes

9.31

21. Anita Sletten Hansen

9.32

22. Olai Nepstad

9.35

23. Sverre Solberg

9.51

24. Harald Hansen

10.05

25. Håkon Rongved

10.05

26. Aase Midtgaard Skrede

10.40

27. Stein Tore Holsen Viken

11.01

28. Trine Rongved

11.10

29. Eirik Skrede

11.42

30. Magnus Elvik

12.16

31. Kirsten Rongved

12.35

32. Sunniva R. Eidsnes

13.19

33. Leiv Eidsnes

13.20

34. Anders Eidsnes

13.21

35. William Sletten Hansen

14.56

 

Utan tid:

Emil Høyland Aldeholm, Margrethe Alme, Renate Alme, Rakel  Alme, Jakob Andre S. Askeland, Tina Mari S. Askeland, Kirsten Eide, Kåre Eide, Monica Eide, Steinar Eide, Wenche Kjørlaug Eide, Miriam R. Eidsnes, Andrine Eikanger, Linnea Eikanger, Cecilie Eikanger, Rune Eikanger, Viljar Eikanger, Liv Enes, Andre Midtgård Espevoll, Ann Kathrin Midtgård  Espevoll, Asbjørn Espevoll, Jan S. Fyllingsnes, Venke Fyllingsnes, Stanley Hauge, Steinar Haukås, Andreas Hofslundsengen, Svein Helge Hofslundsengen, Torunn  Hopland, Åse Hølleland, Alf  Høyland, Margrethe Høyland, Klara Kismul, Janina Kjeilen, Andrea Kvammen, Helga Kvammen, Johannes Kvammen, Kristian Kvammen, Magnus Kvammen, Gunnar A. Larssen, Bente Larssen, Inge Leknes, Sverre Låstad, Hilde Marthinussen, Jonas Marthinussen, Malin Marthinussen, Trond Matre, Unni Midtgård, Emma Låstad Namdal, Renate Nese, Helge Nordal, Sigmund Nævdal, Anna Lena Nævdal, Gerd Nævdal, Bente  Solstad, Tanita Sperrevik, Sidsel Styve, Tony Thorsen, Grethe Titland, Åge  Toft, Laila Toft, Adrian Toft, Richard Toft, Liam Toft, Monica Toft, Elise Tverberg, Nicolai Tverberg, Ole Tverberg, Sissel  Viken, Elias Øvretveit, Tobias Øvretveit

I alt 105 deltakarar.

Neste løp: Midten av oktober 2013.


Lasse Nordal (nr. 29) tok teten ut frå start. Tett snødrev var ramma rundt det siste karuselløpet i sesongen 2012-13.

Lasse Nordal sprang eit sterk løp i det tette snødrevet og noterte ny bestetid på 6.39. Knut Magne Hauge vart nummer to på 6.45.

Også Knut Magne Hauge på andreplass noterte ny bestetid i karusellen - 6.45 brukte han på turen rundt Eikangervågen.

Her kjem ein ivrig trimgjeng til mål i snøkaven.

Snøbyene gjekk tett under heile karuselløpet - det fekk også denne trimgjengen merka.

Grethe Jørgensen har vore raskaste dama i åtte av dei ti karuselløpa denne sesongen.

Premiar for flittig deltaking i karusellen. Frå venstre: Are Flekke (32 startar), Anders Eidsnes (153), Jan Kårbø (151, Håkon Rongved (79) og Åge Toft (106).

 
 
 
 
 
 
Tekst og foto: Stanley Hauge, Eikanger IL