Lyeløpet gjekk i lett regvêr laurdag 2. oktober. Gjesdal var arrangør, og Trond Idland førte an framføre fire andre Gjesdalsløparar. Idland som har vist fleire teikn til solid haustform var godt nøgd med løpet, men skulle gjerne ha gjort ende på løyperekorden til Tore Bye. På heimesida si skriv han: "Meget godt fornøyd med dagens Lyeløp! Brukte 35.22 på det 11,6 km lange løpet. I fjor løp jeg på 38.18! Det ble desverre ikke løyperekord i dag heller, men 35.09 til Tore Bye er meget sterk! Kanskje hans beste løp?? Jeg åpnet friskt på 2.52, 5,47 og 3.48 på neste km. Kommer en syk bakke etter 2,5 km. Den går opp til 4 km, og løypa er kuppert til ca 8 km. Da det er ett lettere parti til mål. Dette var en bedre prestasjon enn 29.46 på Limavannet rundt." Trond Idland stiller ikkje i NM halvmaraton nå til helga, men satsar i staden for fullt på Furumomila og nordisk meisterskap i terrengløp.
Les Dag Kjetil Hartbergs reportasje fra Lyeløpet på heimesida til KFUM |
Storløp av Idland - og fem Gjesdalskarar først i Lyeløpet
Lyeløpet er eit av landets minste, men dei som spring, spring fort. Aller fortast gjekk det med Trond Idland som var berre 19 sekund bak den 8 år gamle løyperekorden til Tore Bye. Idland sprang ifrå klubbkamerat Knut Erik Rame med mest tre og eit halvt minutt i den 11,6 km lange og nokså kuperte løypa. Dei fem første i mål var Gjesdalsløparar, og alle 14 på resultatlista er menn.
Siste medlemssaker
Annonse