Mildt og fint, stort sett tørre vegar, mange blide trimmarar. Slik kan tredje løpet i vinterkarusellen oppsummerast. Deltakinga har vore stigande. Denne gongen var om lag syttifem personar med. Det var deltakarar frå Kvam, Fusa og Kvinnherad. Frå Framnes Kristne Vidaregåande Skule var det med fire løparar. Øystein Wigestrand har kome som eit friskt pust inn i karusellen i haust. Denne gongen hadde han med seg Håkon Sjurstadeng og Håvard Boge. I tillegg deltok mundheimskaren Hans Inge Bergtun, som også er elev ved Framnes KVS. Alle for gjennom den 4 kilometerløypa i høgt tempo.

Blant kvinnene held Torild Kveberg stand med gode tider. Men ungjentene Eline Sandnes Fosse og Kjersti K Vågen gjer gode farmsteg. Dei klarte ny pers med omlag eitt minutt. Det betydde at Eline vart aller raskaste kvinne denne kvelden, føre Torild og Kjersti. Bak fylgde Inger Marie Hanstveit frå Hatlestrand. Veninna Reidun Samland Gravdal har sett ny personleg rekord i årets karusell for kvart løp. Det same har Vigdis Håland gjort, som sprang eit godt karuselløp.

Det var mange gode tider på denne vakre tysdagen. Stemninga var som alltid bra. Mange folk treffest for å springe vinterkarusell. Ved loddtrekninga etter løpet, forsynte Åse-grenda åvom Oma seg godt. Hovudpremien som er eit gåvekort på femhundre kroner ved Mo Sport i Norheimsund, vart vunne av Alvhild Tveitnes. Nabokona Solveig Måge vann t-skjorta med vinterkarusellmotiv. Embrik Børresen stakk av med ein av dei populære Kjelsvik-spesialposane. Inni der finn han XL-1, drikkeflaske, kanskje ein refleks, og andre spanande ting som passar for ein trimmar. Øystein Wigestrand vann den andre energiposen.

Neste gang det er løp, vil kalendaren vise 13. desember. Det er Santa Lucia-dagen. Det har vore nissar på karusellen, men luciaer har det ikkje vore til no. Kanskje kan ein få høyre ein vakker luciasang i målområdet. Nissen dukkar truleg opp. Løp vert det i alle fall, med start for alle klokka 19.

Årets Vinterkarusell har synt ein oppgang i deltakinga frå i fjor. Samla start for alle klokka sju om kvelden, har gjort løpet meir samlande og sosialt. Ei anna stor føremun er det at alle løparane er ute samstundes i om lag førtiminutt frå klokka 19. Då slepp ein deltakarar og trafikk om ein annan, frå tidleg kveld og utover, slik det kunne være med valfri starttidspunkt. So fellesstart klokka 19 er også betre i høve traffikktryggleiken. Gledeleg er det også at deltakarane er svært flinke i å nytte refleksar og refleksvestar.

Neste arrangement i idrettslaget no, er basaren på fyrstkomande sundag 27.november klokka 16 i kantina på skulen. Kom og bli med på ein kjekk sundags ettermiddag med åresal, trekningar, kaffi og kaker, premieutdelingar og mykje kjekt samvært med kjende og ukjende.

Rapport ved: Johannes Skogseide Børsheim, Strandebarm IL

Strandebarm Vinterkarusell
3. løp, 22. november 2011
Arr.: Strandebarm IL

Resultater:


Bjørnar Sandnes Lillefosse 13,18
Øystein Wigestrand 13,24
Ove Måge 14,32
John Olav Måge 14,45
Lars Tveitnes 14,53
Nils Ove Berge 15,06
Knut Øystein Fosse 15,16
Terje Brurok 15,40
Håkon Sjurstadeng 15,43
Vebjørn Kveberg Opsanger 16,03
Håvard Boge 16,30
Hans Inge Bergtun 16,32
Kjetil Lammedal 16,59
Eline Sandnes Fosse 17,12
Einar Opsanger 17,13
Kjell Egil Berge 17,13
Torgrim Kolltveit 17,13
Torild Kveberg 17,24
Kjersti K Vågen 17,49
Arvid Tangerås 17,52
Samson Fugleberg 18,21
John Svahn 18,26
Valdemar Børresen 18,50
Lars Gjerde 18,55
Inger Marie Hanstveit 19,01
Adam Øygard 19,07
Lars Mundheim Oma 19,32
Oddvar Hjertaker 19,43
Samuel Børsheim 19,49
Håkon Berge 20,55
Ingrid Børsheim 20,56
Kjell Martin Fugleberg 20,56
Tove Kambo Tangerås 21,21
Turid Lid 21,54
Herlaug Kvamsøy 21,58
Hallgeir Aase 22,06
Jessica Skogvoll 22,42
Liv Berit Bru Eide 22,47
Lars Måge 23,06
Per Brekke 23,06
Sondre Svåsand Måge 23,06
Anne Christin Børsheim 23,28
Liv Nærnes 23,54
Celina Skogvoll 24,02
Embrik Børresen 24,11
Per Eivind Austefjord 24,43
Grete Milje 24,47
Kåre Milje 24,47
Reidun Samland Gravdal 24,47
Vigdis Håland 25,11
Anne Christine Viken 25,46
Karen Matthiessen 25,46
Marit Linga 25,46
Bodil Stranden 25,50
Amoline Berge 26,18
Even Mundheim Oma 26,34
Annhild Oma 26,35
Mette Lammedal 26,56
Elisabeth Skogasel 27,05
Adrian Kåreid 29,54
Torunn Baldersheim 30,22
Irene Tangerås 30,23
Bente Sandnes Lillefosse 30,31
Ragnhild Brattli 30,38
Arthur Llillefosse 30,54
Øystein Lammedal 31,33
Beate Viken 32,14
May Britt Birkenes 34,48
Alvhild Tveitnes 35,11
Gunn Kristin Klever 39,26
Sander Klever 39,26
Solveig Måge 39,45