Foto: Eline Sandnes Fosse, her under NCC lekene på Osterøy.

Fra Johannes Skogseide Børsheim i Strandebarm ha vi mottatt denne reportasjen.

Det vart ein flott start på årets vinterkarusell på tysdag 16. oktober. Omlag åtti deltakarar stilte til start i fint, turt haustvèr. Alle starta samla klokka 19, og hadde ein fin trimtur i den fire kilometer lange løypa.

Etterpå venta frisk saft, og mykje godt prat med vener og kjende og kanskje ukjende. Til slutt var det fine premiar trekte på startnummer. Den gjevaste som var eit gåvekort på kr. 500,- til bruk på Mo Sport i Norheimsund vart vunne av den ivrige mosjonisten Liv Berit Bru Eide.

Elles vann den spreke vesle guten Sondre Svåsand Måge, ein Kjelsvik spesialpose med drikkeflaske, energidrikk, refleks o.l. Den andre posen vart vunnen av Andreas Gjerde frå Oma.

Den tøffe vinterkarusell-tskjorta var det Oddvar Hjertaker som vann. Det var mange gode tider, denne fine kvelden. Fleire sette ny personleg rekord, m.a. gutane Valdemar Børresen og Lars Mundheim Oma.

Også 14-åringen Eline Sandnes Lillefosse persa denne kvelden på tida 16,15. Ho var fyrst i mål blant kvinnene føre Torild Kveberg og Marie Hauge. Ove Måge kom fyrst i mål av mennene på tida 14,25, føre John Olav Måge og Knut Øystein Fosse. Dette var ein god start på Vinterkarusellen.

Det er berre å gleda seg til neste løp som vert arrangert tysdag 6. november klokka 19.

Resultatliste:    
Førnamn Etternamn Løp 1
Hallgeir Aase 21,01
Per Austefjord 26,14
Torunn Baldersheim 31,23
Kjell Egil Berge 17,39
Victoria Gjerde Berge 26,46
Henny Lidal Bru ?
Elisabet Børresen 20,49
Embrik Børresen 18,23
Valdemar Børresen 17,39
Anne Christin Børsheim 22,45
Hans Arne Børsheim 20,08
Ingrid Børsheim 21,2
Samuel Børsheim 18,29
Anita Eide 25,4
Liv Berit Bru Eide 22,11
Christian Ekerhovd 32,28
Eifrid Konstanse Ekerhovd 32,42
Preben Ekerhovd 38,51
Trine Handal Ekerhovd 32,48
Eline Sandnes Fosse 16,15
Knut Øystein Fosse 15,49
Kristoffer Håbrekke Fosse 26,45
Magne Fosse 23,51
Tor Andrè Håbrekke Fosse 32,24
Åse Sandnes Fosse 31,23
Andreas Gjerde 23,03
Lars Gjerde 19,31
Rita Gjerde 22,54
Inger Marie Hanstveit 19,58
Marie Hauge 18,14
Solveig Hauge 31,23
Grete Hjertaker 25,25
Oddvar Hjertaker 18,36
Lillian Holt 33,12
Olav Ludvig Håbrekke 23,18
Siv Håbrekke 34,21
Anette Kristiansen 22,49
Herlaug Kvamsøy 22,44
Torild Kveberg 17,26
Mette Lammedal 27,41
Turid Lid 22,06
Arthur Lillefosse 23,35
Siri Ljones ?
Camilla Milje ?
Kåre Milje 20,36
Adrian Svåsand Mundheim 28,17
Lisa Svåsand Mundheim 32,25
Mathilde Svåsand Mundheim 26,45
Amalie Svåsand Måge 48,35
John Olav Måge 15
Lars Måge 26,41
Ove Måge 14,25
Solveig Måge 44,34
Sondre Svåsand Måge 26,41
Gunnar Nordhus 22,54
Annhild Oma 24,03
Even Mundheim Oma 23,59
Lars Mundheim Oma 18,15
Einar Opsanger 17,36
Vebjørn Kveberg Opsanger 16,04
Rino Sekanina 25,56
Elisabeth Skogasel 24,06
Cassandra Skogvoll ?
Celina Skogvoll 21,57
Jessica Skogvoll 25,3
Monica Skogvoll 19,42
Bodil Stranden 25,56
John Svahn 18,45
Elisabeth Svåsand 28,17
Silje Kristin Svåsand 48,35
Irene Tangerås 20,19
Annika Tufta 32,24
Alvhild Tveitnes 33,43
Lars Tveitnes 15,37
Anne Kristine Viken 36,12
Beate Viken 36,12
Emma Viken 36,12
Adam Øygard 18,43
Maria Øygard 26,35
? ? 37,42