Det var jamne og sterke felt i både herre- og kvinneklassen, og Holger Hott vann med 15 sekunds margin til mannen som vart nummer to i Oslo halvmaraton, Abebe Hunde. Solveig Pedersen hadde på si side eit lite minutts forsprang til Anne Kari Borgersen. Enda meir kamp om sigeren blir det nok når Svalandsgubben startar sundag føremiddag. Da er løypa fire gonger så lang og vanlegvis atskilleg blautare. Det er berre å glede seg!
Alle resultat "Hott kom først til Kulia" - i Fedrelandsvennen |
Varma opp til Gubben med å springe til Kulia
Det store skauløpet på Sørlandet heiter Svalandsgubben og går alltid siste sundag i oktober. Men ei veke før sprang 9 kvinner og 59 menn "Førstemann til Kulia", eit 7 km langt terrengløp frå Kjærrane til Kulia. Første mann vart Holger Hott (biletet) medan Solveig Pedersen var første kvinne.
Siste medlemssaker
Annonse