På heimesida til arrangøren kan vi lese:

Løpet blir arrangert etter tidlegare mal. Mosjonsklasse har fleksibel start frå kl 10.00-11.30 frå Fjørå sentrum eller Hauge. Kl 12.00 er det fellesstart for konkurranseklasse frå Fjørå sentrum. Nytt av året er at det også blir konkurranseklasse frå Hauge med fellesstart kl 12.00. Frå Hauge er løypa 4 km med ca 700 høgdemeter stigning. Påmelding via EQTiming innan 19. juli. Ved etterpåmelding blir det eit tillegg på kr 100 i startkontingenten.

Undervegs vert det to drikkestasjonar (Hauge og Nysetra), samt drikke ved mål. For deltakarane i konkurranseklasse 7 km er krav om å bere sekk med nødvendig utstyr, men det vil ikkje vere eit vektkrav slik det har vore krav om tidlegare år. 

Løypa er som tidlegare. Den startar heilt nede ved fjorden i Fjørå. Den første delen går delvis på asfalt og delvis på gamal bygdeveg. Etter 3 km passerer løypa Hauge og løypa tar inn på setervegen opp til Nysetra. Det er jamn stigning og underlaget er grus. Etter sætra er det fjellterreng med varierande stigning og underlag i knappe 1,5 km opp til toppen av Mefjellet, 1100 moh.

Alle deltakarar får Mefjellet opp medaljen. I konkurranseklassene er det premiar til raskaste herrar og damer, samt 1/3 klassevis premiering. I mosjonsklasse er det uttrekkspremiar.

Vi har også ei gladmelding å kome med: Valldal IL og Mefjellet opp er tildelt NM i motbakkeløp 2025! Årets løp er difor eit godt høve til å teste løypa og gjere seg kjent i traseen.

Meir info på heimesida