Rapport frå arrangøren v/ Gisle Skjølberg:

No er Vetenløpet 2011 unnagjort. Etter ein våt og grå start på dagen betra
veiret seg utover, og ca 400 deltakar kom til topps.

Av 93 påmelde i konkurranse var det registert 87 deltakarar i mål, derav 20
kvinner.



Den som imponerte mest var Tuva Toftdahl Staver som i May Britt Buer sitt
fravær sikra seg siger og ny løyperekord på 33.29 mot Buer på 33.45 i fjor.

På dei neste plassane kom Therese Sjursen og Merete Helgheim.



Også Roger Aa Djupvik gjorde eit solid løp i ein svært våt og gjørmete trasè.
Vinnartida hans på 27.43 er berre 2 sek bak persen frå 2009 og 11 sek bak
beste nasjonale tid på 27.32 sett av Jon Tvedt i 2008.



Alle resultatlister er lagt ut på vår heimeside www.vetenlopet.no