Vind og varme i Paavo Nurmi Maraton
Paavo Nurmi Maraton i Åbo, Finland. Berre namnet var nok til å lokke meg. Dette måtte eg prøve! Då eg fann ut at Tallinn Maraton i Estland gjekk ei veke etterpå, var årets ferietur i boks.
Av Torodd Lybeck
To maraton på sju dagar hadde eg ikkje prøvd sidan Jan Gausemel og eg sprang i både Berlin og Drammen i 1986. "Aldri meir," sa Jan etter det andre løpet den gongen, men det gløymde han fort. Då sprang eg svært roleg i Berlin, hadde kamera med og tok mange bilde og kom i mål på 3.22. Håpa difor å gå under 3 timar i Drammen etterpå, men måtte nøye meg med 3.03. No var taktikken motsett: Jamt og billegast muleg, men likevel hårfint under 3 timar i Åbo, så fekk det gå som det ville i Tallinn.
Det regna heftig då vi kjørde ut av ferga i Åbo søndag morgon, fire timar før løpet. Fann raskt fram til Byteateret der starten og sekretariatet var. Målet var på Paavo Nurmi stadion, berre eit par hundre meter unna. Regnet gav seg ein liten time før start, og snart skein sola. Temperaturen var 17-18 grader og stigande. Hundrevis av løparar dukka opp ved teateret etter kvart. Paavo Nurmi synte seg å vera eit stort løp, godt og vel 400 på heilmaraton og eit par tusen på halv. Trengselen minna meg om dei første maratonløpa eg sprang i Oslo på 1980-talet.
Fine kulturlandskap
Heil og halv starta likt. Bra, så vart vi skikkeleg mange. Eg hadde bestemt meg for å springe disiplinert på 4.15 per kilometer frå start. Den fyrste går ti sekund for fort, men eg roar meg litt. Pulsen stabiliserer seg på 145. Etter ein kort runde inne i byen ber det utover mot hamna og ut på Rundsala-øya. Der går det litt opp og ned, såpass at pulsen stig til 150 i kneikane, men farten held seg. Etter ei mil bøyer vi av til venstre og snur innover mot byen att. Det går vekselvis gjennom skog og fine kulturlandskap, mest på smale vegar med liten eller ingen trafikk, men stort sett på god asfalt. Berre på ein gangveg på ein knapp kilometer er det grus.
Les mer i KONDIS!
Bli medlem i DNL og få 7 nummer i året med
KONDIS
Bladet for alle kondisjonerende
Les om alle medlemsfordeler og tegn abonnement!
ÅRGANG 2002
KONDISARKIVET

Siste medlemssaker
Annonse