Tredje løp i årets karusell gjekk føre seg tysdag 27. november. Omlag seksti glade trimmarar stilte til start i nydeleg haustvèr. Det var turt og fint, og for det meste stilt i lufta.
Alle fekk seg ein flott trimtur i den fire kilometer lange løypa. Deltakarane var alt frå små born til pensjonistar. Fleire oppnådde raske tider denne kvelden. T.d. sprang Monica Skogvoll inn til ny pers i år med tida 18,38. Ho hadde berre Eline Sandnes Fosse og Torild Kveberg føre seg i mål av kvinnene. Elisabeth Olsen frå Framnes Kristne Vidaregåande Skule kom inn eitt sekund etter Monica.
Øystein Wigestrand persa også med tida 12,53. Det var også fleire andre med frå Framnes, bl.a. Anders Bø og Mathias Brodersen som kom i mål som hhv. tredje og fjerde mann. Sterke Ove Måge kom inn føre desse som andre mann.
Men fyrst og fremst er det trimmen som er i fokus på vinterkarusellen. Mange mosjonerar ilag med kameratar eller veninner eller folk dei treffer på karusellen. Vinterkarusellen er eit kjekt og sosialt arrangement, som høver for alle.
Premiane vart trekte på startnummer etterpå. Olav Ludvig Håbrekke, som hadde eit flott karuselløp denne kvelden, vann t-skjorta med spesialmotiv for Vinterkarusellen. Dei to energiposane med drikkeflaske, XL-1, refleks o.l. vart vunne av Lisa Svåsand og Monica Skogvoll. Hovudpremien på heile 500,- kroner til bruk på Mo Sport i Norheimsund, var det Anne Christine Viken som vann.
Neste løp vert 18. desember klokka 19. Då er det kanskje kome snø ? Nissen vil i alle fall være på plass. Det same er nok både pepperkaker, gløgg og anna julekos. Alle er sjølvsagt vel møtt då òg!
Strandebarm IL Friidrettsgruppa v/J.S. Børsheim
Bilete: Glade born på vinterkarusellen. Victoria Gjerde Berge, Maria Øygard, Valdemar Børresen, Adam Øygard, Jessica Skogvoll, Mathilde Svåsand Mundheim og Celina Skogvoll f.v.