Flott, turt haustvèr prega det tredje vinterkaruselløpet tysdag 23. november i Strandebarm. Litt kaldt
var det, men opplettsvêr og fine løpsforhold. Frammøtet var omtrent som sist, omlag 85 personar
deltok på trimløpet. Folk fekk ei fin mosjonsøkt saman i den fine haustkvelden.

Blant kvinnene var Torild Kveberg raskast, som så mange gongar før. Ungjenta Eline Sandnes Fosse,
som har mange fine resultat på bane denne sesongen, var nest raskast. Vidare kom Annhild
Oma, Monica Skogvoll og Elisabet Børresen. Blant gutta var det Bjørnar Sandnes Lillefosse
som var fyrst for tredje gang på rad, framfor Nils Ove berge, Ove Måge, John Olav Måge og Øyvind
Sandven. Det var bl.a. mykje rask springing av mange born. Elles er det stor og fin aldersspredning
på deltakarane. Det var fin innsats frå alle. Vinterkarusellen fungerar bra etter føremålet, som er å ha eit
lågterskeltilbod for trim og mosjon blant alle aldersgrupper.

Nils Ove Berge har flest startar på Vinterkarusellen i historien, og er den blant mennene som har vore raskast på flest
løp. Denne kvelden vann han velfortjent hovudpremien som alltid vert trekt på startnummer. Det er eit gåvekort på
kr. 500,- til bruk på Mo Sport i Norheimsund. Også den mestvinnande løparen blant kvinnene, vann premie på dette løpet;
Tortild Kveberg vann pose med drikkeflaske, energibar, refleksar m.m. Den andre posen vart vunnen av Kåre Milje,
som er ein aktiv person i idrettslaget i ulike funksjonar. Eirik Leirstein som er særs aktiv i fotball, vann den
eksklusive blå t-skjorta med vinterkarusellmotiv.

Tysdag 14. desember er det klart for julaløpet i vinterkarusellen. Løypa er som vanleg den same fire kilometer lange
traseèn ut til Børsheim og innatt. Men då dukkar kanskje nissen opp frå Klepp, med twist og mandariner og litt sprell.
Arrangøren stiller med pepperkaker og gløgg. Alle er vel møtt, og ta med slekt, venner, naboar og andre. Vinterkarusellen
er kjempekjekk trim for alle; Idrettsglede for alle!

Rapport v/Johannes Børsheim, Strandebarm IL

Resultater: Strandebarm vinterkarusell, 3. løp 2010/11