Det andre løpet i årets Vinterkarusell vart arrangert tysdag 1. november i herleg temperatur. 16 varmegrader synte gradestokken ved starten klokka nitten. Fellesstart kl. 19 har gjort Vinterkarusellen kjekkare og meir sosial, enn ved individuelle start. Det har også blitt betre for deltakarane i forhold til biltrafikken, når alle startar samstundes. Det byrja å regne ved litt då deltakarane sette avgarde, men det var fine forhold for mosjonsløp.

Nær åtti deltakarar stilte til start. Og det vart mange nye bestenoteringar denne kvelden. Ungguten Vebjørn Kveberg Opsanger, sprang eit flott løp. Det same gjorde vikøyjenta Kjersti K Vågen og løpevennina Eline Sandnes Fosse frå arrangørklubben. Kjell Martin Fugleberg deltok i sitt andre vinterkaruselløp. Han synte at formen er raskt stigande, etter mykje god trening i det siste.

Også mange småborn sprang raskt i den fine novemberkvelden. Systrene Jessica og Celina Skogvoll (bilde) persa begge. Jessica sa ho sprang raskare i karusellen, enn tida ho bruka på matteprøve. Vinterkarusellen er fyrst og fremst eit mosjonsløp og mange går gjennom løypa. Silje Svåsand hadde med seg både born og hund gjennom den fire kilometer lange traseèn.

Hovudpremien på 500,- kroner til bruk på Mo Sport i Norheimsund, vart vunnen av Bente Sandnes Lillefosse. Ho er mor til Bjørnar, som var fyrst i mål av alle. Litt bak han kom debutanten og framneseleven Øystein Wigrestad frå Rogaland. Blant kvinnene var det som so ofte Torild Kveberg som var fyrst, føre dei to nemnde ungjentene Eline og Kjersti.

Solveig Hauge vann den tøffe vinterkarusell-tskjorta. Dei to posane med drikkeflaske, Xl-1 og lignende vart vunne av Per Brekke og Kåre Milje. Deltakarane var flinke til å nytte refeksvest. På Idretttsparken er det også fine garderobar tilgjengelege for deltakarane. Neste løpet vert om tre veker, den 22. november.

Rapport fra: Johannes Skogseide Børsheim, Strandebarm IL

Strandebarm Vinterkarusell
2. løp, 1. november 2011
Arr.: Strandebarm IL

Resultater (alfabetisk):

Førnamn Etternamn Tid
Kjell Egil Berge 16,37
Nils Ove Berge 19,09
Tage Berge 19,09
Håkon Berge 21,30
Amoline Berge 27,54
May Britt Birkenes 33,08
Ragnhild Brattli 31,57
Per Brekke 23,41
Terje Brurok 15,46
Valdemar Børresen 18,52
Samuel Børsheim 21,33
Ingrid Børsheim 22,02
Anne Christin Børsheim 23,30
Liv Berit Bru Eide 22,08
Knut Øystein Fosse 15,31
Sigbjørn Fosse 16,47
Eline Sandnes Fosse 18,26
Åse Sandnes Fosse 29,33
Kjell Martin Fugleberg 19,06
Lars Gjerde 18,52
Torill Gjerde 29,33
Jahn Erik Gjøen 26,01
Hege Grasbekk 41,04
Reidun Samland Gravdal 25,23
Inger Marie Hanstveit 18,59
Solveig Hauge 29,33
Jannike Haveland 32,35
Kjell Hoff 25,45
Sivert Håland 25,18
Vigdis Håland 26,27
Torgrim Kolltveit 17,04
Herlaug Kvamsøy 21,34
Torild Kveberg 17,38
Adrian Kåreid 27,36
Kjetil Lammedal 16,35
Øystein Lammedal 24,04
Mette Lammedal 26,15
Bjørnar Sandnes Lillefosse 13,05
Bente Sandnes Lillefosse 29,33
Marit Linga 27,05
Arthur Llillefosse 22,25
Karen Matthiessen 27,05
Kåre Milje 19,42
Ove Måge 14,38
Sondre Svåsand Måge 35,53
Amalie Svåsand Måge 36,23
Solveig Måge 40,29
Ingvard Nordtveit 19,39
Liv Nærnes 24,14
Lars Mundheim Oma 19,56
Even Mundheim Oma 24,05
Finn Ove M Oma 24,14
Vebjørn Kveberg Opsanger 16,32
Einar Opsanger 17,34
Tuva Sandven 41,05
Trym Sandven 42,04
Trond Sandven 42,04
Elisabeth Skogasel 25,08
Asbjørn Skogasel 25,08
Monica Skogvoll 20,13
Celina Skogvoll 21,44
Jessica Skogvoll 23,56
Eimund Solsvik 16,48
Bodil Stranden 28,02
John Svahn 18,01
Silje Svåsand 36,23
Arvid Tangerås 18,10
Irene Tangerås 19,50
Lars Tveitnes 14,59
Lene Tørvik 41,05
Beate Viken 33,23
Kjersti K Vågen 18,33
Øystein Wigrestad 13,12
Adam Øygard 20,00
Hanna Øygard 41,00
Hallgeir Aase 22,12