Vinterkarusell i Strandebarm
Løp nr 3 i Vinterkarusell Strandebarm vart arrangert 27. november. 140 stilte til start, ein liten nedgang sidan sist. Til gjengjeld kom "villmannen" Gunnar Nordhus heilt frå Bergen og gjorde eit nytt godt løp: 15,24 og andreplass i ei tung 4 km løype etter 38,00 på 10 km i Fana dagen før. Sterk vind gjorde at dei fleste fekk litt svakare tid enn vanleg. Neste løp er 18.desember, då blir det servert gløgg og pepparkaker etterpå!
Her er dei beste: Damer: 1. Torild Kveberg Øystese I.L 16,15 2. Turid Lid, ØIL 19,56 3. Laila Rinde, Strandebarm IL 20,21 Menn 1. Nils Ove Berge, Strandebarm IL 14,17 2. Gunnar Nordhus 15,24 3. Jon Olav Måge SIL 15,35 4. Einar Opsanger ØIL 15,55 5. Arne Tufta SIL 16,29 6. Børge Hjertaker SIL 16,36De beste i Strandebarmkarusellen
1.løp 16.oktober.
2.løp 6.november
Siste medlemssaker
Annonse