- for kondis.no i Strandebarm Arvid Tangerås - Løp nr 6 i vinterkarusellen i Strandebarm vart avvikla tysdag 29. januar. 92 fullførte i nokolunde fin stil trass dårleg underlag: Saltblanda nysnø gav dårleg feste, det viser att på resultata. Nils Ove Berge var som vanleg først i mål, og Laila Rinde var raskaste dame denne gongen. Avisoppslaga dei siste dagane om late og overvektige born gjeld tydlegvis ikkje i Strandebarm, mange born er med i vinterkarusellen og dei fleste er raske til beins! 10-åringen Jonatan Varela Byrkjenes hadde denne gongen berre åtte vaksne framfor seg! Her er dei beste: Damer: 1. Laila Rinde, SIL 20,32 2. Torill Gjerde, SIL 21,15 3. Anne Christin Børsheim, SIL 22,24 Menn: 1. Nils Ove Berge, SIL 14,27 2. Akram A Wali, SIL 15,59 3. Oddvar Hjertaker, SIL 16,49 4. Arvid Tangerås, SIL 16,49 5. Harald Ljones 17,02 6. Knut Øystein Fosse, SIL 17,04
|
Vinterkarusell Strandebarm, løp nr 6
Løp nr 6 i vinterkarusellen i Strandebarm vart avvikla tysdag 29. januar.
Siste medlemssaker
Annonse