6. januar 2007 sprang Knut Magne på 6.58 og tok første sigeren sin i karusellen etter ein hard tvekamp med Øivind Bernes som fekk 7.00 på andreplass. Også i løpet laurdag var veteranen Bernes ein av dei som kom nærmast Hauge. Med 7.22 vart det tredjeplass på Bernes.

Med 6.51 forbetra Knut Magne bestetida si med sju sekund, og med det sprang han seg inn mellom dei 50 raskaste i karuselløypa.


Treninga mi er stort sett langkjøring og noko trimsykling når eg er ute i Nordsjøen, seier Knut Magne Hauge. Så om han legg inn litt intervalltrening, kan han truleg spring endå raskare rundt Eikangervågen.

14-årige Lasse Nordal vart nummer to på 7.11 som er ny personleg bestetid for han, ni sekund forbetring.

Bertine Helene Færø sprang eit godt løp og var raskaste kvinne med 7.39. Berre i rekordløpet hennar på 7.22 i førre sesong har ho sprunge fortare.

Gledeleg var det at fleire kvinner sprang på tid i karusellen. 16-årige Amalie Lekva deltok for første gong og noterte sterke 8.47. Grethe Jørgensen som deltok for andre gong, sprang på 8.53 – 12 sekund fortare enn i debuten. Sterkt løp også av 10-årige Andrea Thorsheim på 9.37.

65 deltakarar var med i det 2. karuselløpet for sesongen. Dei fekk ei regnbye på seg under løpet, men elles var temperturen og forholda fine. Neste løp på Eikanger går laurdag 27. november.

 

Vinterkarusell 2011-12, 2. løp.

Eikanger 5. november 2011

Arr.: Eikanger IL

Regnbyer, ca. + 12-13° C.

 

«Brua rundt», ca. 2 150m

6.51     Knut Magne Hauge
7.11     Lasse Nordal
7.22     Øivind Bernes
7.36     Håvard Glomnes
7.39     Bertine Helene Færø
7.44     Trond Austrheim
7.47     Karl Vågstøl
7.59     Atle Austrheim
8.02     Arvid Hauge
8.47     Amalie Lekva
8.53     Grethe Jørgensen
9.05     Olai Nepstad
9.10     Arve Henningsen
9.19     Sverre Solberg
9.25     Sigmund Nævdal
9.26     Frode Berven
9.30     Jarle Sæbø
9.32     Kristian Skrede
9.37     Andrea Thorsheim
9.41     Jan Kårbø
9.42     Øyvind Kallestad
9.58     Terje Eidsnes
10.31   Harald Hansen
10.32   Grethe Thorsheim
10.59   Aase Midtgaard Skrede
11.06   Gunnar Nordhus
12.20   Kirsten Rongved
12.21   Magnus Elvik
12.39   Leiv Eidsnes
12.53   Sandra Lekva
12.54   Arve Lekva


Utan tid:
May Lis Andersen, Tiril F. Andersen, Agnes Hoshovde Bernes, Julie Isabell Berven, Oscar Berven, Kåre Eide, Nina Eide, Jan S. Fyllingsnes, Venke Fyllingsnes, Britt Gjelsvik, Janne Glomnes, Stanley  Hauge, Marith Haugen, Mathias N. Haugen, Arnfinn Hellevang, Alf  Høyland, Margrethe Høyland, Andreas Kallestad, Amalie Kallestad, Vidar Kallestad, Inge Leknes, Sverre Låstad, Harald Marthinussen, Hilde Marthinussen, Jonas Marthinussen, Malin Marthinussen, Gerd Nævdal, Eirik Skrede, Bente  Solstad, Viktor Eide Sørland, Ask Eide Sørland, Grethe Titland, Åge  Toft, Kaja Wilce

Neste løp: Laurdag 26. november kl. 15.00.

Tekst og foto: Stanley Hauge, Eikanger IL


Sjå fleire bilete på sidene til Eikanger IL