Håvard og Svein Glomnes kom i lag inn i siste bakken frå «hamrane» og inn mot mål. På siste flaten greidde Håvard å sikra seg nokre meters leiing og var klart først i mål på tida 7.36.

Grethe Jørgensen sprang på 8.14 og sette dermed endå ein gong ny bestenotering, eitt sekund raskare enn førre løp. For niande gong var ho raskast på Eikanger.

Biletet over: Ungguten Håvard Glomnes (f. 1998) vann føre to veteranar. Svein Glomnes på andreplass noterte 7.38 og Atle Austrheim på tredjeplass 7.49. For Håvard var det sju sekund framgang frå første løpet denne sesongen , men førre sesong noterte han 7.28.

I kvinneklassen vart Hildegunn Osen nummer to med 8.52, medan Aase Midtgård Skrede med 9.49 for første gong sprang under 10 minuttar.

95 personar stilte til start i det andre karuselløpet, og ikkje sidan 4. løpet sesongen 1998/99 har det vore så mange deltakarar. Då var det 101, medan rekorden er 120 deltakarar i det første løpet hausten 1985.

Om lag to-tredjedelar, 63 personar, av dei som stilte til start laurdag, tok turen rundt Eikangervågen utan tidtaking. I det fine veret med gode forhold, fekk dei ein hyggeleg tur i flott seinhaustnatur.

Tone Sperrevik deltok laurdag for 100. gong i vinterkarusellen og vart med det første kvinne som passerer denne milepålen. Men det var berre så vidt, for Marith Haugen deltok for 99. gong.

Neste løp i karusellen vert laurdag 24. november.

 

Vinterkarusell 2012-13, 2. løp.

Eikanger 3. november 2012

Arr.: Eikanger IL

Fint ver, stille,  + 6-7° C.

 

«Brua rundt», ca. 2 150m

1. Håvard Glomnes 7,36
2. Svein Glomnes 7,38
3. Atle Austrheim 7,49
4. Harald Marthinussen  7,52
5. Bjarne Gausvik 8,00
6. Einar Skrede 8,05
7. Audun Eidsnes 8,11
8. Grethe Jørgensen 8,14
9. Bjørnar Eidsheim 8,20
10. Svein Hjelle 8,33
11. Jan Kårbø 8,39
12. Bjørn Inge Midtgård 8,43
13. Hildegunn  Osen 8,52
14. Trond Sellevold 9,21
15. Are Flekke 9,22
16. Kristian Skrede 9,29
17. Terje Eidsnes 9,38
18. Sigmund Nævdal 9,41
19. Kristoffer Hopland 9,48
20. Leif Bjørnar Hopland 9,49
   
Aase Midtgaard Skrede 9,49
Håkon Rongved 9,57
Sverre Solberg 9,58
Eirik Skrede 10,49
Bjarne Jørgensen 10,56
Thomas Knudsen 11,05
Andreas Hopland 11,16
Johanne Hindenes Nilsen 11,17
Johanne Gjelsvik 11,18
Magnus Elvik 12,04
Thea Bjørseth 12,21
Nils Bjørseth 12,38
Utan tid:  
Margrethe Alme  
Renate Alme  
Rakel  Alme  
Maren Bertheussen  
Mats Bertheussen  
Emilie Bjørndal  
Mali Bjørndal  
Maya Bjørndal  
Anne Lise Bjørsvik  
Kirsten Eide  
Kåre Eide  
Steinar Eide  
Wenche Kjørlaug Eide  
Leiv Eidsnes  
Anders Eidsnes  
Hanne R. Eidsnes  
Sondre R.  Eidsnes  
Sunniva R. Eidsnes  
Miriam R. Eidsnes  
Andre Midtgård Espevoll  
Ann Kathrin Midtgård  Espevoll  
Jan S. Fyllingsnes  
Venke Fyllingsnes  
Bente E. Fyllingsnes  
Amalie Bjørsvik Gausereide  
Stanley  Hauge  
Gunnar Hauge  
Marith Haugen  
Mathias N. Haugen  
Arnfinn Hellevang  
Alis Hellevang  
Johannes Hopland  
Katrine Hopland  
Alf  Høyland  
Janina Kjeilen  
Linn Marie Kjørlaug  
Marte Kjørlaug  
Tuva Kjørlaug  
Ole Kristian Kjørlaug  
Tina Kålås  
Sverre Låstad  
Hilde Marthinussen  
Jonas Marthinussen  
Malin Marthinussen  
Maren Midtgård  
Markus Midtgård  
Magnus Midtgård  
Sive Merete Fonnes  
Malene Låstad Namdal  
Emma Låstad Namdal  
Kirsten Rongved  
Bente  Solstad  
Cato Sperrevik  
Tanita Sperrevik  
Tone Sperrevik  
Grethe Titland  
Daniel Toft  
Åge  Toft  
Liv-Reidun Sletten Vabø  
Thomas Øvretveit  
Tobias Øvretveit  
Jonas Øvretveit  
Alice Toft  

I alt 95 deltakarar.

 

Neste løp: Laurdag 24. november kl. 15.00.

Atle Austrheim vart nummer tre, ei av dei beste plasseringane han har hatt på Eikanger. Bak han kjem Harald Marthinussen inn til 4. plass.

Ungdom mot veteran: Are Flekke (til venstre) i spurtduell med Trond Sellevold. Veteranen Sellevold var kjappast på dei siste meterane.

Andreas Hopland i frisk spurt med Johanne Gjelsvik (t.v.) og Johanne Hindenes Nilsen.

Audun Eidsnes i flott driv inn til tida 8.11. Rett bak han kjem Grethe Jørgensen inn på 8.14.

Hildegunn Osen notert 8.52 og var nest raskast i kvinneklassen. Bak henne kjem trimmaren Åge Toft som tek turen rundt vågen utan tid, men med hund!

Tekst og foto: Stanley Hauge, Eikanger IL