Tysdag 2. november gjekk det andre av dei åtte vinterkaruselløpa av stabelen på Strandebarm Idrettspark.
Sidan sist løp har det vore ein liten vinter. Men på tysdag var det atter mildt vèr, og fine tilhøve for mosjonering.
Det var eit fæla ruskavèr tidlegare på dagen. På ettermiddagen roa det seg att. Men litt etter løpsstart kom det
litt regn igjen, men helst greie forhold.

Deltakinga var litt betre enn på det fyrste løpet, litt under nitti personar gjorde unna dei fire kilometrane frå
idrettsparken til Børsheim, og innatt. Dei fleste tek vinterkarusellen som ein roleg trimtur, der dei kun konkurrerar
mot seg sjølv. Andre satsar på eit raskt løp i hardare konkurranse mot andre. Men for uansett alle vil trening og
mosjonering forbetra kondisjonen, og styrke kroppen.

Solveig Torsvik var aller fyrst av jentene, føre Torild Kveberg og Elisabet Børresen. Blant karane var rekkefølgja
mykje som sist, dvs. Bjørnar Sandnes Lillefosse føre Ove Måge og Nils Ove Berge. Men det er mykje flott løping blant
mange, t.d. Irene Tangerås, Inger Marie Hanstveit, John Svahn, Bjørg Tellefsen, Hans Inge Teigland m.fl Blant borna
var det raske løp av bl.a. Vebjørn Kveberg Opsanger, Valdemar Børresen og Mundheim Oma-brødrene.

Det var ein heil del nye påmeldte til dette løpet. Gledeleg var det å sjå igjen velkjende vinterkarusellarar som t.d.
Herlaug Kvamsøy, Lars Tveitnes o.a. Fyrste løpet gjekk føre seg i skuleane sin haustferie. Difor var det også ein del
familiar som var på plass att i dag, som var bortreiste sist.

Reidun Samland Gravdal, som i godt humør allerede før løpet var sikker på å vinne ein premie, vann ganske riktig
hovedpremien på 500,- til bruk på Mo Sport i Norheimsund. Ole Gjerde som gjorde ein flott vinterkaruselløp vann pose
med energisjokolade, drikkeflaske m.m. det same gjorde Kamilla Milje. Den fine vinterkarusell t-skjorta vart vunnen av
Torunn Baldersheim. Neste løp vert tysdag 23. november, og alle er sjølvsagt vel møtt uansett nivå.

Rapport v/Johannes Børsheim, Strandebarm IL

Resultater: Strandebarm vinterkarusell, 2. løp 2010/11