Vinterkarusellen i Strandebarm 6.løp 27.januar
for kondis.no i Strandebarm Arvid Tangerås
Tett snøver i timane før løpet mørkla heile kommunen i mange timar. Litt
før start kom heldigvis straumen tilbake i ytre del av Strandebarm, og
løypa vart atter opplyst. Omlag samstundes kom to brøytebilar og nærast
polerte vegen slik at det vart nokså glatt. Mørklegginga og snøveret
gjorde nok sitt til at "berre" 77 stilte til start denne gongen. Dei aller
fleste klarte å halda seg på beina, og raskast var nok ein gong Nils Ove
Berge med 14,45. Karen matthiessen heldt seg også oppreist heile løypa
gjennom og sprang lett i mål på 18,27.
Her er dei beste:
Damer:
1. Karen Matthiessen: 18,27
2. Tove Kambo Tangerås: 22,41
3. Ingrid Børsheim: 23,36
Menn:
1. Nils Ove Berge: 14,45
2. Lars Tveitnes: 16,47
3. Kjell Egil Berge: 16,50
4. Øystein Kambo Tangerås: 17,43
Alle resultater (Resultater fra 6.løp smalet nederst på siden.
Siste medlemssaker
Annonse