Tysdag 12. oktober gjekk årets fyrste løp i Vinterkarusellen. Løypa er som vanleg 4 km lang, med start og mål på Strandebarm Idrettspark. Det var fine forhold med opplett- og stilt vèr. Omlag åtti løparar stilte til start på denne fine oktoberkvelden.

Dei fleste tek Vinterkarusellen som fin trim saman med vener og andre frammøtte. Den fire kilometer lange løypa er ein fin trimdistanse som passar for folk i alle aldrar og på alle nivå. Her kan ein konkurrere mot seg sjølv og sjå utviklinga litt over tid. Dette gjev inspirasjon til å kome seg ut for å mosjonere, også i mellom vinterkarusellløpa. Vinterkarusellen vert arrangert tredjekvar tysdag kl 19, uansett vèr og føre. Mange synte god form også på denne haustkvelden.

Premieringa er god. Dei fire premiane vert trekte på startnummer, heilt uavhengig av resultat. Elisabeth Pettersen Tveit og Oddvar Hjertaker vann energiposar med refleksar, drikkeflaske, energisjokolade og sportsdrikk. Den tradisjonelle og eksklusive t-skjorta med vinterkarusellmotiv, vart vunnen av Reidun Samland Gravdal. Hovudgevinsten etter kvart løp eit gåvekort på femhundre kroner ved Mo Sport. Dette var det vinterkaruselldebutanten Magne Fosse som vann.

Av dei som var ute for å springe fort, var Bjørnar Sandnes Lillefosse i ein særklasse. Han kom inn på tida 12,39, og sette dermed ny personleg rekord med over eit halvt minutt. Han har hatt ein god sesong i år, og har mange fine plasseringar på bane rundtom i heile Noreg. Ungguten Håvard Drivenes, som er heime på haustferie frå skigymnaset på Voss, tok ein flott andreplass knappe minuttet bak Lillefosse. Bak desse kom det fleire løparar med stor fart i beina, bl.a. Øystein og Terje Brurok, Øyvind Sandven, Nils Ove Berge, og Mågekarane Lars, John Olav og Ove Måge. Blant kvinnene var det debutanten Hege Olsen som er busett i Bergen, som var fyrst inne med tida 16,58. Bak kom Inger Marie Hanstveit frå Hatlestrand og Åshild Sandven frå Norheimsund.

Resultater: Strandbarm vinterkarusell 2010/2011

Neste løp vert tysdag 2. november kl 19 på Strandebarm Idrettspark.