Vinterkarusellen i Strandebarm med deltakerøkning
- for kondis.no i Strandebarm Arvid Tangereås -
Løp nr 1 i Vinterkarusell Strandebarm vart arrangeret tysdag 16.10.01 i fint seinsommarver. Heile 140 deltok, det er ein auke på 25 frå første løp i fjor. Løypa er den same som før, 4 km asfaltert veg, start og mål ved Strandebarmstunet og ein del høgdevariasjon undervegs. Som så mange ganger før var Nils Ove Berge, Strandebarm I.L, førstemann i mål. I dameklassen var Torild Kveberg frå Øystese I.L endå meir suveren. Løpet samlar deltakarar frå heile Kvam, deler av Kvinnherad og Fusa, og ein kjem heilt frå Bergen!
Her er dei beste:
Menn 1. Nils Ove Berge 14.03 2. Oddvar Skogasel 14.42 3. Jon Olav Måge 15.11 4. Per Helge Berge 15.18 5. Akram A Wali 15.43 6. Børge Hjertaker 15.59 Damer 1. Torild Kveberg 16.19 2. Laila Rinde 20.30 3. Turid Lid 20.39 Neste løp er tysdag 06.11.01 kl 19.00, deretter 3. kvar tysdag fram til siste løp som går 12.03.02
Siste medlemssaker
Annonse