
Må’kje springe her og springe her
Eg har sprungi og gått rundt Sognsvann til alle årstider og i alt slags vêr sia eg flytta til Oslo i 1993. Så langt utan ein einaste kollisjon.
Dette er ein kommentar. Kommentaren gir uttrykk for skribenten si meining.
Artikkelen har stått på trykk i Kondis nr. 6–2025.

Det er sikkert ein god del som har tilbakelagt fleire rundar enn meg i den 3,25 km lange og svært så idylliske runden. Men eg vil tru eg ligg ganske høgt oppe på alle-tiders-lista. Seinast i går gjekk eg meg ein eftasrunde rundt det vakre vatnet.
Det osa – i tillegg til grillrøyk i sørenden – av fred og harmoni. Mange gjekk, somme sprang, ein kar tok seg ei kvil på benken i nordenden. Det var ingen teikn til den knivinga og kranglinga som ein kan ha fått inntrykk av om ein har lesi Aftenposten i sommar.
Oppvarming
Dei siste 27 åra har eg sprungi rolege åleineturar rundt vatnet både tidleg og seint. Eg har sprungi i tospann med naboen og prata om laust og fast. Måndagar og torsdagar har eg varma opp motsols med Vidar-gjengen, og somme gonger har vi òg lagt den påfølgjande intervalløkta til den stort sett flate grusvegen.
Det har gått bra. Sjølv på dagar med mange rundt vatnet har vi unngått både kræsj og kommers. Med litt fleksibilitet og eit smil kjem ein langt. Einaste gongen eg vart arg, var da ein hund hoppa opp og beit hol i den eine hansken min, men sia eigaren bedyra at hunden berre ville leike, og sia eg sjølv fleire gonger har hevda at det å leike er ein fin ting, vart det inga sak for verken forliksråd eller tingrett.
SRM
I 2001 drog Heming Leira og eg i gang onsdagsløpet Sognsvann Rundt Medsols. Klokka 18 frå april til november kunne folk trimme og teste seg på ein eller fleire rundar rundt vatnet. Før kvar start, som gjekk føre seg puljevis, informerte vi deltakarane om at dei måtte ta omsyn til andre brukarar av turvegen. Det var betre å tape eitt sekund eller tre med å senke farten og springe yttersving enn å presse nokon i grøfta.
Stort sett gjekk det heilt greitt. Løpsdeltakarar og turgåarar såg ut til å leve i noko som likna på fredeleg sameksistens.
Men ein onsdagskveld kom ei godt vaksen dame bort til oss i arrangementsstaben etter at dei fleste løparane hadde klokka seg i mål. Dama var eit godt stykke over på den sinte sida og fortalde at ho ikkje mindre enn tre gonger denne kvelden hadde vorti sprungi ned av løparar som deltok i Sognsvann Rundt Medsols. Ho skulle klaga til Park- og idrettsetaten og be om at løpet vart stansa.
Heming, som den diplomaten han er, orsaka så mykje og prøvde å forklare at vi skulle bli enda flinkare til å be løparane om å ta omsyn til dei gåande. Sjølv var eg hakket mindre audmjuk og høyrde meg seie: «Om eg har forstått deg rett, har det vori tre kollisjonar rundt Sognsvann i kveld, og du er truleg den einaste som har vori innblanda i alle tre. Kan det tenkjast at det kan ha noko å gjera med måten du har oppført deg på?»
Ho nekta for det, men klagebrevet hennar til kommunen fekk heldigvis ingen konsekvensar for Sognsvann Rundt Medsols som av andre årsaker ikkje lenger eksisterer.
For mange og for fort
Men løpebølgja rullar vidare, og dei som mislikar at andre spring, har igjen fått vatn på mølla. Omkvedet er omtrent som følgjer: Løparane bør finne seg andre plassar å springe enn der eg går tur. Det er for mange som spring, både i marka og i byen. Dei fer for fort, dei er for omsynslause – kan ikkje stat eller kommune gripe inn og leggje ned forbod for alt med tempo raskare enn 6 km i timen?
Sjølv trur eg verken Sognsvann eller verda generelt vil bli ein betre stad om fridommen til å springe blir begrensa. Lufta, vatnet og turvegane har plass til alle – så lenge vi tek omsyn. Dei som går tur med hund i band, kan passe på at hunden ikkje befinn seg på ei side og ein sjølv på den andre sida av vegen. Dei som spring og går, treng ikkje å gjera det tre i breidda på ein dag med mykje trafikk. Dei som trillar tvillingbarnevogn, bør kanskje ikkje gjera det i tospann med ein med liknande doning.
Etter å ha sprungi og gått fleire tusen rundar rundt Sognsvann, vil eg gje kudos til dei aller fleste – minst 98 prosent – og særleg til dei som spring. For det er mesta alltid slik at dersom to som går side om side, møter to som spring side om side, så er det ein av løparane som kjapt glid inn bak kompisen slik at det blir god plass til å møtast.
Held vi fram med det, så slepp vi vonleg at klagekoret får gjennomslag for fartsgrense på turvegar som både gåande og springande er glade i.