Brakvatnet Halvmaraton 2023, stafett.

Brakvatnet Halvmaraton går den 20. september, med både stafett og barneløp

Laurdag 20. september er det klart for Bergan Bygg Brakvatnet Halvmaraton for 19. gong. Arrangørane i Osterøy IL lokkar med halvmaraton, halvmaratonstafett og barneløp langs idylliske grusstiar.

Publisert Sist oppdatert

Arrangørane meiner dette må vera ei av landets flottaste og mest særeigne løyper. Her blir du møtt av grusstiar og vakker natur i eit populært turområde på Valestrand. På kvar 2,6 km lange runde må du gjennom fleire motbakkar som tappar deg for energi – og like mange unnabakkar som etter kvart mørnar låra dine. Samstundes slepp du dei harde slaga frå ein monoton asfaltveg. Rundt Brakvatnet er det ingen eksos og tutande bilar – berre landleg idyll og litt slalåmspringing mellom dei største kurukene.

Entusiastane i Osterøy IL trekkjer særleg fram stemninga kvar gong løparane passerer målområdet. Lyden av entusiastisk heiing møter deg kvar gong du passerer mål. Og det gjer du åtte gonger!

For dei som synest åtte rundar rundt Brakvatnet er i meste laget, er stafetten eit godt alternativ. Frå to til åtte løparar kan delta på kvart lag. I fjor vann «Osterøy friidrett Bønder i byn» på klar løyperekord 1.05,50 – eit lag sett saman av Trygve Feidje Mjelde, Markus Loftås og Jonas Lillejord. Det er elles stor prestisje knytt til bedriftsklassen. I fjor vart det også løyperekord på halvmaraton individuelt; Espen Borge Joensen frå IL Fri sprang på 1.18,01. Løyperekorden for kvinner er det Hilde Aasheim som har med 1.24,09.

Barneløpet er på ein runde med start og mål ved badeplassen. Her er det premiering til alle.

Brakvatnet halvmaraton vart første gong arrangert i 2007, mest som eit testløp for initiativtakaren Sigbjørn Reigstad – som i «eit anfall av overmot» hadde meldt seg på full maraton på Lanzarote. 16 ivrige løparar stilte til start, klare for 8 rundar rundt Brakvatnet – i heller djup snø. Av desse fullførte 12 distansen. Teståret ga meirsmak, og no er det altså løp nr. 19 rundt Brakvatnet.

Nettside Osterøy IL - Brakvatnet Halvmaraton
Kondis-reportasje 2023:
Nesten ny løyperekord på stafetten i Brakvatnet Halvmaraton
Brakvatnet Halvmaraton på Facebook

Brakvatnet Halvmaraton går på grusstiar rundt vatnet. Her er det Håvard Skogvoll som passerer målområdet.
Powered by Labrador CMS