Førde Rundt 2025 - 10 km: Marius Vedvik spring einsam i front.

Marius Vedvik vann to av tre distansar i det nye løpet Førde Rundt

For første gong vart det arrangert eit gateløp i Førde, og heimefavoritten Marius Vedvik vann dei to løpa han stilte opp i. Men i det eine fekk han hard konkurranse.

Publisert Sist oppdatert

Det var i alt 400 løparar som gjennomførte eitt eller fleire av dei tre distansane i Førde Rundt, som var første gong det vart arrangerte eit løp i sentrum av Førde. Så det virket som det var på tide at førdianarane også fekk vere med på løpebølgja.

Det var i alt 400 løparar som gjennomførte eitt eller fleire av dei tre distansane i Førde Rundt, som var første gong det vart arrangerte eit løp i sentrum av Førde. Så det virket som det var på tide at førdianarane også fekk vere med på løpebølgja.

Det var Bedriftsidretten Vestland som arrangerte Førde Rundt, og dei hadde fått laget ei fin rundløype gjennom gatene i Førde, med speakerteneste, vakthald og elles alt som høyrer med til eit slikt løp. Vêret var også veldig bra for både løparar og tilskodarar.

Alle resultat Førde Rundt 2025

Halvmaraton

Torstein Vonen tok teten frå start og såg seg aldri tilbake.

Det starta med halvmaraton om morgonen. Her var det eit hundretals deltakarar som gjennomførte dei nødvendige rundane i Førde sentrum. Her var Torstein Vonen så pass overlegen at løpet ikkje vart spennande. Han representerer Tambarskjelvar IL, som er laga frå nabobygda Naustdal. Det var langt jamnare mellom dei som kom bak han, her vart det Christer Landøy og Andreas Fonn Macsik som vart med opp på premiepallen.

Dei tre beste kvinnene på halvmaraton vart Kristine Lambrechts Sagevik, Åse-Linn Hollevik og Camilla Savland.

Førde Rundt 2025 - halvmaraton:
Premiepall menn: Christer Landøy, Torstein Vonen, Andreas Fonn Macsik

Halvmaraton, 10 beste menn:

Plass Startnr. Navn Klubb Klasse Tid
1217Torstein VonenTambarskjelvar ILHerrer 35 - 39 år1:21:30
2102Christer LandøyChrister LandøyHerrer 30 - 34 år1:28:13
3141Andreas Fonn MacsikFørdeHerrer 35 - 39 år1:29:44
438Aleksander DaleFørdeHerrer 25 - 29 år1:29:47
5231Sander EimhjellenNorheimsundHerrer 20 - 24 år1:31:45
614Alexander SandvikBergenHerrer 30 - 34 år1:32:07
7398Fredrik JohansenHerrer 25 - 29 år1:32:18
860William LandøyVærlandetHerrer 25 - 29 år1:32:23
9138Vigleik MåkestadSkulestadmoHerrer 25 - 29 år1:33:22
10228Vetle AuroVossHerrer 25 - 29 år1:34:12

Kristine Lambrechts Sagevik vart beste kvinne på halvmaraton.
Premiepallen kvinner: Åse-Linn Hollevik, Kristine Lambrechts Sagevik, Camilla Savland

Halvmaraton, 10 beste kvinner

Plass Startnr. Navn Klubb Klasse Tid
1362Kristine Lambrechts SagevikFørdeKvinner 25 - 29 år1:37:27
2207Åse-Linn HollevikFørdeKvinner 30 - 34 år1:42:12
3172Camilla SavlandTambarskjelvar ILKvinner 45 - 49 år1:42:17
492Helene HaugeSkei I JølsterKvinner 40 - 44 år1:42:29
5281Tonje BjørsetFørde ILKvinner 40 - 44 år1:44:51
6205Elin Mari MjåtveitFørdeKvinner 35 - 39 år1:45:08
743Sanne Sund HaugeFlorøKvinner 15 - 19 år1:45:31
8234Trude Elin EimhjellenStilKvinner 50 - 54 år1:47:02
9371Jannicke GjervikAskvollKvinner 40 - 44 år1:47:16
10105Stina WigumRock'n Run FørdeKvinner 20 - 24 år1:47:41

Helene Hauge spring inn til ein fjerdeplass
Tonje Bjørset, femteplass.

10 km

Marius Vedvik er den lokale løpslegenda i Førde, og han var med på både 10 og 5 km, som han begge vann. På 10 km vart det den mest komfortable sigeren, og det vart eit einsamt paradeløp gjennom heimbyen hans. Bak han var Andre Haugsbø tre minutt etter i mål på ein andreplass, men tida hans kjem nok eit stykke opp på aldersstatistikken for klasse Herrer 45 - 49 år. Knut Osland Øygard tok den tredje pallplassen.

Jeanette Haugsbø vart beste kvinne, ho vart følgd av Hildegunn Hellenes Bugge og Marte Sva på dei neste plassane.

Førde Rundt 2025 - 10 km
Premiepallen menn: Andre Haugsbø, Marius Øyre Vedvik, Knut Osland Øygard

Resultat 10 km - 10 beste menn:

Plass Startnr. Navn Klubb Klasse Tid
1143Marius Øyre VedvikFørdeHerrer 30 - 34 år31:45
2401Andre HaugsbøGaular ILHerrer 45 - 49 år34:44
3183Knut Osland ØygardIdrettslaget HøyangHerrer 20 - 24 år35:57
4347Niklas Bosdal ThorsenFørde IL/ Hovden SkigymnasHerrer 15 - 19 år35:59
5302Anders BuggeMoldeHerrer 25 - 29 år36:22
6319Per Jarle SmaamoGaular ILHerrer 40 - 44 år36:49
7237Trym HøyvikHøyanger LøpeklubbHerrer 20 - 24 år36:55
8380Tommy HavellenHafsloHerrer 40 - 44 år37:04
9184Stian NedrelidTartanmandagHerrer 45 - 49 år37:19
10113Sigurd Åsland SørensenMO I RanaHerrer 25 - 29 år37:50

Andre Haugsbø sprang eit glimrande løp og tok andreplassen - tre minutt etter Marius Vedvik
Førde Rundt 2025 - 10 km: etter den første runden passerer Hildegunn Hellenes Bugge som første kvinne. Men det kjem ei endå raskare kvinne bak henne.
Jeanette Haugsbø vinner 10 km.
13 år gamle Olea Fristad gjer eit godt løp og tek tredjeplassen

Resultat 10 km - 10 beste kvinner

Plass Startnr. Navn Klubb Klasse Tid
1187Jeanette HaugsbøGaular ilKvinner 35 - 39 år40:16
222Hildegunn Hellenes BuggeMoldeKvinner 25 - 29 år40:44
0311Olea FristadDale ILJenter 0-14 år43:26
3430Marte SvaFørdeKvinner 25 - 29 år44:20
4369Kristin SyltesæterTeam TempotorsdagKvinner 45 - 49 år45:04
5421Solveig Grimelid KårstadKvinner 40 - 44 år45:20
6106Ingebjørg LingaasFørdeKvinner 35 - 39 år47:02
7384Frida Marie EngesetFørdeKvinner 25 - 29 år47:04
8265Ann-Iren Solheim SæleGaular IdrettslagKvinner 35 - 39 år47:32
976Ragnhild PaulsenVoldaKvinner 45 - 49 år47:42
10344Hilde Nes NyhammerMiddagsteigenKvinner 40 - 44 år47:52

Tommy Havellen og Stian Nedrelid var to av dei mange som sprang 10 km gjennom Førdes gater

5 km

Dei som fem legger ut i front her er også dei fem beste menn i mål. Men heilt til høgre ser vi også Marte Hovland, og ho spring betre enn tre av desse mennene: Ole-Petter Løkkebø, Halfdan-Emil Færø, Syver Rusten Dalen, Marius Øyre Vedvik, Arild Øygard, Marte Hovland.

På 5 km viste det seg at Marius Vedvik måtte jobbe for sigeren. Han vart nemleg her utfordra av ein annan Førde-busett toppløpar, Halfdan-Emil Færø. Han hadde ikkje sprunge 10 km på førehand og stilte utkvilt og tydelegvis motivert for å ikkje la Marius få komme seg for lett til toppen av premiepallen. Dei kniva heilt til mål, men då hadde Marius Vedvik fått to sekund på Halfdan-Emil. Syver Rusten Dalen frå Lillehammer IF tok her tredjeplassen, eit stykke bak duellantane i front.

Beste kvinne vann 5 km så suverent, og på ei så god tid at arrangørane lurte på om her var ein feil, men då kjende dei tydelegvis ikkje merittlista til Marte Hovland. Ho er på det norske landslaget i friidrett, der ho i fjor sprang mellomdistanse i VM i U20-klassen, i Peru. I årets Knarvikmil tok ho suverene sigrar på både 3 og 5 km, og vinnartida hennar i Førde Rundt vart endå betre enn i Knarvik. Silje Sande og Vilde Støle Melsom tok dei neste plassane her.

Inn mot den siste kilometeren og Marius Vedvik har fått rista av seg dei aller fleste konkurrentane, bortsett frå Halfdan-Emil Færø som heng som ein klegg.
Marius Øyre Vedvik klarte å komme seg øvst på premiepallen på 5 km òg, men Halfdan-Emil Færø var farleg nære. Syver Rusten Dalen tok den siste pallplassen

Resultat 5 km - 10 beste menn

Plass Startnr. Navn Klubb Klasse Tid
1144Marius Øyre VedvikFørde FriidrettHerrer 30 - 34 år15:08
2260Halfdan-Emil FærøFørdeHerrer 30 - 34 år15:10
3290Syver Rusten DalenLillehammer ifHerrer 20 - 24 år16:56
4305Arild ØygardJølster ILHerrer 25 - 29 år17:19
5249Ole-Petter LøkkebøFørdeHerrer 40 - 44 år18:18
6360Per Eivind GurvinFørdeHerrer 55 - 59 år18:23
733Anders SavlandNaustdal UltrasHerrer 35 - 39 år18:51
8154Gaute OsvollFørde IL OrienteringHerrer 15 - 19 år18:58
9218Torstein VonenTambarskjelvar ILHerrer 35 - 39 år19:00
10374Geir ØygardJølster IL / Sparebank 1 Sogn og FjordaneHerrer 55 - 59 år19:03

5 km premiepall kvinner: Silje Sande, Marte Hovland, Vilde Støle Melsom

Resultat 5 km - 10 beste kvinner

Plass Startnr. Navn Klubb Klasse Tid
1103Marte HovlandVIK I SognKvinner 20 - 24 år16:46
2174Silje SandeOsloKvinner 45 - 49 år20:44
3279Vilde Støle MelsomFørdeKvinner 30 - 34 år21:11
4194Eirin Søgnen HaugsbøGaular ILKvinner 35 - 39 år22:53
0312Vena FristadDale ILJenter 0-14 år23:38
0441Ann Kristin KusslidFørdeJenter 0-14 år23:39
0258Karoline Reikvam KnausgårdFørdeJenter 0-14 år23:41
5139Anita StenevikFlorøKvinner 55 - 59 år24:16
0257Ane Thune-MyklebustFørde ILJenter 0-14 år24:39
613Marie SørumVbikKvinner 30 - 34 år24:43

Powered by Labrador CMS