Sola skin over Rogaland, og ivrige løparar legg ut frå start. (Foto: arrangøren)
Sola skin over Rogaland, og ivrige løparar legg ut frå start. (Foto: arrangøren)

Sara Aarseth og Kim Andre Haugstad først i mål da 48 sprang Gjesdalmilå

Sara Aarseth og Kim Andre Haugstad vann Gjesdalmilå som vart arrangert 26. september. Vinnartidene var 40.36 og 33.21 i den ikkje heilt lette løypa.

Publisert Sist oppdatert

Gjesdalmilå er ein småkupert 10 km som går rundt Edlandsvatnet på Ålgård. I år sprang 44 på tid og 4 utan tidtaking. I tillegg var det 44 ungar som var med på det 800 m lange barneløpet.

Sara Aarseth som vann dameklassen, har sjølv løyperekorden med 37.52, sett i 2018, og ho vann òg løpet i 2017. Løpet i år var ikkje hennes lettaste.

– Det var veldig tungt, eg har vore forkjøla nokre veker, så det vart første hardøkta på ei god stund, fortel ho til Kondis og legg til:

– Den småkuperte løypa har ei tøff avslutning opp frå vatnet, og i år var det òg ein del vind undervegs. Arrangørane er flinke, så det er eit kjekt løp, sjølv om forholda og løypa er litt tøffare enn eg likar det, seier Sara som har planar om å springe Kystløpet i Egersund og kan hende 3-sjøersløpet i Stavanger seinare i haust.

Monika Vassbø på andreplass kom i mål 18 sekund bak Sara Aarseth, og faktisk var det berre 39 sekund som skilte dei fem første kvinnene i mål.

I herreklassen var det litt meir vatn mellom båtane. Kim Andre Haugstad var med sine 33.21 halvanna minutt framføre Kristian Bjørsvik med Bjøro Nevland 19 sekund til bak på tredjeplass. Løyperekorden er på 31.17 og vart sett av Frew Zenebe Brkineh i 2018.

GM-Kim-Andre-Haugstad.jpg


Kim Andre Haugstad hadde tid til å juble for sigeren før han sprang i mål inne på stadion på Ålgård. (Foto: arrangøren)

GM-Sara-Aarseth.jpg


Sara Aarseth hadde god grunn til å smile etter at ho hadde teki sin tredje siger i Gjesdalmilå. (Foto: Bjørn Sundvor)


For dei som likar å springe rundt vatn, er Gjesdalmilå eit godt alternativ.

10 km menn
1Haugstad Kim Andre NOR33:20.7
2Bjørsvik Kristian NOR34:49.8
3Nevland Bjøro NOR35:08.6
4Rennemo Anders Idsø NOR35:38.6
5Høien Tore NOR35:50.4
6Nevland Roger NOR36:06.9
7Acarregui Steve USA38:31.9
8Lædre Harald NOR39:38.2
9Aalbu Ingve NOR39:49.4
10Blom Jan Erik NOR40:00.1
11Nesvåg Leif Inge NOR40:33.0
12Vaage Harald NOR43:47.2
10 km kvinner
1Aarseth Sara NOR40:35.9
2Vassbø Monika NOR40:53.8
3Vatland Hege Linn Eie NOR41:00.7
4Glette-Iversen Ingrid NOR41:09.0
5Thorsen Agathe NOR41:14.6
6Kalsaas Iselin NOR47:34.7
7Fjeldheim Grethe NOR48:46.1
8Fjeldsbø Ella NOR51:54.1
9Nevland Eliane NOR53:48.7
10Heegaard Hildur NOR53:55.7
11Volden Helen NOR54:29.9
12Thorsen Othilia NOR54:47.3


Alle resultat

GM-Barnelop.jpg


Ungane hadde sitt eige løp på 800 m. (Foto: arrangøren)

Kondis trenger din støtte
Bli medlem eller støtt oss med en gave hvis du ønsker at Kondis skal fortsette å spre treningsglede, skrive reportasjer, lage terminlister, kontrollmåle løyper, føre statistikker osv. På grunn av koronakrisen har store deler av annonseinntektene våre falt bort, og vi er i enda større grad avhengig av medlemskap og støtte fra våre lesere.

Bli medlem og få mange medlemsfordeler!

Gi en gave:
Vårt kontonummer er: 1503.35.18541
Vipps: 125957
Powered by Labrador CMS