Folk utrustar seg på sin måte, og gledeleg er det at så mange spring, som her under Trondheim Maraton no i september. (Foto: Marianne Røhme)
Folk utrustar seg på sin måte, og gledeleg er det at så mange spring, som her under Trondheim Maraton no i september. (Foto: Marianne Røhme)

Det enkle frie liv

For meg handlar springing i stor grad om fridom. Ein pause frå sitjinga og alle krava om å vera logga på. Dess mindre eg tek med meg på ferda inn i skogen eller nedover langs elva, dess friare kjenner eg meg.

Publisert Sist oppdatert
Vignett-kondiskommentaren.jpg

Dette er ein kommentar. Kommentaren gir uttrykk for skribenten si meining.

Artikkelen har stått på trykk i Kondis nr. 7– 2024

Når eg skriv dette, er det ei veke sia eg sprang 5 kilometeren i Trondheim Maraton. Før eg sjølv var i aksjon, såg eg på dei som sprang heilmaraton. Og da eg sjølv var i mål, fann eg og eit par av brørne mine oss ein plass på Gamle bybru og heia på dei som sprang halvmaraton. Sola skein, og brua dissa i takt med løparane som strøymde forbi i hopetal.

Noko av det som slo meg, var kor mange som sprang med sekk, eller vest som gjerne er eit meir presist namn. Særleg var det mange av dei yngre kvinnene – som det var gledeleg mange av – som såg ut til å være utrusta for langtur.

Topptrena kar

Kanskje ikkje så rart det. Både halv og heil maraton er ein lang distanse. Det fekk sjølv ein topptrena kar som Jakob Ingebrigtsen merke under København Halvmaraton, som i skrivande stund er nettopp ferdig. Etter 10 kilometer var det så tomt at sjølv ein olympisk meister som Jakob måtte stanse og leggje inn ein kvil.

Kva maratonfolka i Trondheim frakta med seg, er ikkje så godt å veta, men mjuke drikkeflaskar som peika opp av lommene på framsida av somme av vestane, indikerte drikke. Kan hende syntest dei det var for langt med 4 km mellom kvar drikkestasjon, eller kanskje ville dei helst vera sikre på å få sin eigen spesialblanding.

I tillegg til drikke? Sikkert mobil – dersom den da ikkje låg enda lettare tilgjengeleg i lomma på tightsen. Kan hende litt fast eller halvfast føde. Ekstra klede skulle det ikkje vera behov for med over 20 grader i skuggen og aldri meir enn 3-4 km kortaste vegen til mål.

Sjølvvalt

Heldigvis var det ikkje krav om å springe med sekk full av obligatoriske ting i Trondheim Maraton. Det var sjølvvalt. For ein del er det gjerne like naturleg å ta på seg vesten som det er for meg å ta på singleten.

Skjønt på ein så varm og fin dag så lurte eg faktisk på om eg ikkje skulle la den få bli att i bagen. Eg enda likevel opp med å vera snill gut og sprang i tredje siste utgåve av Vidar-singleten. Heilt klart eit feilval, tenkte eg undervegs. Eg sakna brisen mot kroppen der eg sleit som mest på solsida av Nidelva.

Tidlegare i sommar var eg med på 10 kilometeren i Mont Blanc Marathon. Der var det obligatorisk å ha med seg kopp og minst ein halvliter med vatn. Hadde eg vald ein av dei lengre distansane, hadde kravlista vori mykje lengre.

Kan hende skulle eg gjort som ein eg kjenner og boikotta kopp- og drikkekravet. Lati meg bli diska om eg vart sjekka, for utan at nokon protesterer mot tull og tøys, så blir det fort enda meir av det. Sjølv om eg brukte over timen på terrengmila i Chamonix, så hadde eg fint klart meg utan vassflaske i bukselinninga.

Så må arrangørane få gjera som dei vil. Det er dei som legg fram eit tilbod, og eg er med frivillig. Eg kan vera med på andre løp i staden, sjølv om det dessverre ser ut til å bli meir og meir vanleg med krav og utstyrslister. Og ironisk nok, så verkar det som at jo meir ein arrangør snakkar om miljø- og berekraft, jo lengre blir lista med obligatorisk ting.

Dagen derpå-tur

Dagen etter 5 kilometeren i Trondheim Maraton gjekk eg ein tur i Bymarka med bror Terje. Vi møtte mange som sprang, og på nytt la vi merke til at svært mange av dei sprang med vest.

Det hendte ikkje når eg var på tur i marka for 30 år sia. Knappast eit drikkebelte, og slettes ikkje nokon sekk, var å sjå. Ingen mobil. Ingen proppar i øyra eller fartsmålar på armen.

Folk berre sprang. Utan tanke på Strava-oppdatering og optimal væskebalanse. Kom dei til ein bekk og kjende seg tørste, så drakk dei. Og musikkbehovet vart dekt av fuglane som enno song i skogen.

I forgårs fekk eg ein e-post med reklame frå ein seljar av øyreproppar for idrettsfolk. I tillegg til musikk kunne det nye vedunderet måle både temperatur og hjartefrekvens – og sende alle registreringane til meg sjølv og omverda via app i klokke og mobil.

GPS-avhengig

Så må eg få understreke at det uansett er fint å sjå at så mange unge folk spring. Og dei må sjølvsagt få gjera det på sin måte, akkurat som eg gjer det på min.

Eg har heller ikkje noko problem med å vedgå at eg har vori GPS-avhengig sia eg testa ei av dei første Garmin-klokkene i 2007. Så eg skal på ingen måte ri på nokon høg hest.

Men kan hende lyt vi likevel passe på at vi ikkje blir så opptekne av staffasjen rundt at vi mister det grunnleggjande: Den enkle fridomen med å springe oss ein tur. Så lettkledd som vêret tillet, og heilt utan måling av temperaturen i det indre øyret.

Det går an. Det er både tid og pengar å spare på ikkje å skulle ha og ha med seg alt overalt. Det er ein fridom i det klare seg med lite.

Som Piet Hein ein gong formulerte det i eit av gruka sine:

Mangt på teknikkens vej
tror vi er gratis gaver
Men lænker du slaver til dig
så lænker du dig til slaver

Du deler din vilje med dem,
og gir du dem væxtens gave,
hvem er så herre og hvem slave?

Runar Gilberg (f. 1965) er redaktør for bladet Kondis. Han har hovedfag fra Norges idrettshøgskole og har i en årrekke vært trener i Sportsklubben Vidar. Gilberg har vært med og arrangere Rallarvegsløpet, og han har sjøl løpt alt fra 800 m til ultraløp med 2.28.37 som bestetid på maraton.
Powered by Labrador CMS