Er det ei krise for norsk langrenn at det i vinter stort sett har vori færre kvinner i raud drakt å sjå langt framme i feltet enn det det var da dette biletet vart teki i 2019? (Foto: Sylvain Cavatz)
Er det ei krise for norsk langrenn at det i vinter stort sett har vori færre kvinner i raud drakt å sjå langt framme i feltet enn det det var da dette biletet vart teki i 2019? (Foto: Sylvain Cavatz)

Inga krise i heimen

Eg hugsar at den lokale banksjefen heime på øya tok store ord i munnen da den norske bankkrisa vart diskutert i salongen på ferga på slutten av 1980-talet: «Dette er ikkje ei bankkrise, det er ei nasjonal krise», var postulatet som beit seg så fast at eg minnest det over 35 år seinare.

Publisert Sist oppdatert
Vignett-kondiskommentaren.jpg

Dette er ein kommentar. Kommentaren gir uttrykk for skribenten si meining.

Artikkelen har stått på trykk i Kondis nr. 2– 2024


I vinter har eg fleire gonger lesi om den krisa norsk kvinnelangrenn skal vera inne i. Stafettlaget kjem ikkje på pallen, sprintarane blir gjerne slegne ut før finalen – dei gongene ho med både ski og stav i namnet tek seg frihelg. Eit par av dei beste vil i tillegg ikkje vera med på landslaget.

I eit land der langrenn er nasjonalsport, og vi er vane med å vise verda vintervegen, kan slikt fort bli oppfatta som ikkje berre ei langrennskrise, men ei nasjonal krise. Kor vart det av dei som skulle ta over trona etter Marit og Therese? Kva skjedde med dei som glimta til i fjor og fekk oss til å tru at overgangen skulle gå glatt?

Sjølv synest eg ikkje det er noko mindre interessant å sjå på langrenn sjølv om dei norske innimellom hamnar litt i bakleksa. Hadde den norske dominansen vori like stor på kvinne- som på herresida, kunne det tvert imot vorti for mykje av det gode.

Dessutan er det jammen mange flotte utanlandske skiløparar å heie på. Den synlege gleda til Jessica Diggins og dei andre amerikanarane, svenskane som struttar av sjølvtillit, og tyskarane som igjen har fått fram medaljekandidatar.

Om det finst ei nasjonal skikrise, så har den i tilfelle gjort den internasjonale skikrisa mindre. Fleire utøvarar kjempar om sigeren, fleire nasjonar synest i TV-ruta, ingen veit på førehand at Johaug vil leie etter 3 km og derifrå og inn berre fara meir og meir ifrå.

Dermed ikkje sagt at det ikkje hadde vori kjekt med eit Johaug-comeback til VM i Trondheim. Vil ho vera like suveren no, eller har Frida Karlsson og Jessica Diggens vorti så gode at sjølv Johaug kan få både heng og deng?

Med banksjef Sandstads utsegn levande i minnet, burde kanskje sjølv ein ikkje-gamblar som eg flytte pengane frå banken til oddsen – sia dei uansett kan gå tapt. Men sjølv om eg nøyer meg med å sjå på og heie, så er det inga lokal krise i heimen når Laukli skøyter frå Weng opp monsterbakken.

Det er gjerne stas når «underdogen» vinn. Idretten er på sitt mest spennande når utfallet ikkje er gitt på førehand.

Runar Gilberg (f. 1965) er redaktør for bladet Kondis. Han har hovedfag fra Norges idrettshøgskole og har i en årrekke vært trener i Sportsklubben Vidar. Gilberg har vært med og arrangere Rallarvegsløpet, og han har sjøl løpt alt fra 800 m til ultraløp med 2.28.37 som bestetid på maraton.
Powered by Labrador CMS