I fjor vart Sentrumsløpte først utsett for så å bli avlyst. I år er det utsett frå 24. april til 28. august, og vonleg vil mange kunne springe i lag gjennom Frognerparken da. (Foto: Stian Schløsser Møller)
I fjor vart Sentrumsløpte først utsett for så å bli avlyst. I år er det utsett frå 24. april til 28. august, og vonleg vil mange kunne springe i lag gjennom Frognerparken da. (Foto: Stian Schløsser Møller)

Verst for breiddeidretten

Det er enno for tidleg å summere opp korleis koronatiltaka har slått ut på idrettsaktiviteten i Noreg. Tala frå Norges idrettsforbund om 9,6 prosent færre medlemmar i 2020 enn i 2019, er ikkje oppløftande. Heldigvis ser ikkje nedgangen i aktivitet ut til å vera like stor, men eit fall på 4 prosent er likevel altfor høgt.

Publisert Sist oppdatert

Artikkelen har òg stått på trykk i Kondis nr. 5 - 2021.

Dette er ein kommentar. Kommentaren gir uttrykk for skribenten si meining.


Som det ofte er når det blir kamp om ressursar og tilrettelegging, så er det toppidretten som er mest synleg og som lettast når fram. Slik ser det òg ut til å ha vori gjennom halvanna år med koronarestriksjonar.

Eliteidrettsutøvarane er dei som til eit visst monn har fått unntaksordningar som har gjort det mogleg å halde på. Og sjølv mellom eliteidrettane ser det ut til at dei største og mest ressurssterke idrettane har fått best gjennomslag. Fotballforbundet klarte å gjennomføre eliteseriane sine trass i at det er snakk om ein kontaktsport, medan andre idrettar med mindre kontakt og tilhøyrande smittefare ikkje har fått like gode vilkår.

Sett frå eit folkehelseperspektiv er det likevel verre at breiddeidretten har vorti langt meir skadelidande. Medan eliteseriar, elitestemne, noregscup- og verdscuprenn i stor grad har gått sin gang, har tilbodet til massane vorti mykje meir redusert.

Konkurransesesongen i langrenn forsvann stort sett for både mosjonistar og ungdommar. Mange av løpa i vår vart avlyst eller utsett – sjølv om ein visste ganske godt at smittefaren ved ikkje-kontaktsport utandørs er minimal.

Sjølv er eg glad i toppidretten, og eg synest det er flott at stjerner som Jakob Ingebrigtsen og Therese Johaug har kunna reist og konkurrert. Somme eliteutøvarar har òg gått ut og tala ungdommen og breidda si sak, som Emil Iversen som sa det slik til VG:

«Det er vanskelig å skjønne hvor strengt det har vært.Jeg kommer fra Meråker. Der har man hatt to corona-smittede på snart halvannet år nå (totalt er ni registrert smittet, journ.anm.). De får ikke spille fotball enda. I vinter fikk de ikke gå skirenn. Jeg føler det har vært en vanvittig skivebom med tanke på hvor lite smitte som det har vært.»

Så her er det først og fremst leiarane i både idrettsforbund og særforbund som ikkje har kjempa godt nok for ungdoms- og mosjonsidretten. Dersom målet er å sikre folkehelsa og forhindre tapte leveår, er det vanskeleg å skjønne at det skal vera noko godt tiltak å stenge ned breiddeidretten. Vi i Kondis burde sikkert òg gjort meir, men utan ein direktekanal mot styresmaktene er det vanskeleg.

Det er òg fort gjort at mediemerksemda blir flytta over frå masseidretten til toppidretten når det knapt er noko anna enn toppidrett som skjer. Det er berre å orsake dersom dekninga i Kondis òg har dreia i eliteretning. Vonleg vil det bli flust av breiddearrangement vi kan rapportere ifrå ganske snart.

Runar Gilberg (f. 1965) er redaktør for bladet Kondis. Han har hovedfag fra Norges idrettshøgskole og har i en årrekke vært trener i Sportsklubben Vidar. Gilberg har vært med og arrangere Rallarvegsløpet, og han har sjøl løpt alt fra 800 m til ultraløp med 2.28.37 som bestetid på maraton.


Kondis trenger din støtte
Takk for at du er medlem og slik bidrar til at Kondis kan fortsette å spre treningsglede, skrive reportasjer, lage terminlister, kontrollmåle løyper, føre statistikker osv. På grunn av koronakrisen har store deler av annonseinntektene falt bort, og vil du gi oss et ekstrabidrag, vil vi være takknemlige for det.

Gi en gave:
Vårt kontonummer er: 1503.35.18541
Vipps: 125957

Powered by Labrador CMS