Vignett-kondiskommentaren.jpgSjølv bur eg berre to og ein halv kilometer frå jobb, men vi er ikkje så mange i nabolaget som vurderer strekninga som gåavstand. Både bussen og banen – for ikkje å snakke om bilane – fyllest opp med folk som skal ca. like kort. Ned og opp turstien gjennom det idylliske Damefallet er det alltid god plass. 

Eg såg nettopp eit Dagsrevy-intervju med leiaren for Folkeaksjonen nei til mer bompenger. Han ramsa opp kor ille det var at folk måtte betale bompengar for heilt nødvendig køyring – for å komma seg på jobb, til butikken, posten og til og frå trening. At det for mange ganske sikkert er mogleg å gå – og i enda større grad sykle – til desse stadene, såg ikkje ut til å streife verken han eller journalisten som intervjua. 

Om vi hadde fått endra oppfatninga av kva som er normal gåavstand frå 0,5 til 5 km, ville mykje av behovet for både vegutbygging og bomstasjonar gått kraftig ned. Og helsa til både naturen og menneska ville vorti mange hakk betre. 

I genane

Frå tidenes morgon har mennesket gått. Over savannen, inn i jungelen, ut av Afrika, mot nord og aust og vest. Alt som var, var i gåavstand. Vandringa tok den tida ho tok. Ein del springing vart det heilt sikkert innimellom – i kappleik, krig eller når ein skulle leggje ned eit bytte. 

Men ein kom langt med å gå. Beina bar – heilt opp til iskanten.

Kunsten å gå, som Odd Nordstoga syng så fint om, ligg i genane våre. Det er ein merkjedag i livet når den vesle tek sine første steg. Sjå ho går! Minst like stort som da ho sa «pappa» eller «mamma» for første gong. 

Og den dagen vi ikkje lenger går, er det eit teikn på at slutten nærmar seg. Gåfarten vår seier mykje om kor lang tid vi har att å leva, har australske forskarane funni ut. Så lenge vi går så fort at vi kjem oss over gangfeltet på grønt ljos, er det liten sjanse for at vi vil bli henta inn av «mannen med ljåen», kunne eg lesa. 

Men det er likevel ikkje difor eg går – for å leggje år til livet. Eg går fordi det gjer meg godt. Fordi det fører meg dit eg skal. Fordi det får meg til å kjenne meg levande – uavhengig om eg har mange eller få år igjen på jorda. 

Slitesterk
Å gå er ikkje ei like sterk oppleving som å springe. Det gir ikkje heilt den same lukkekjensla. Men gåinga er enda meir slitesterk, og etter mange år med klart mest springing, har eg dei fire siste åra gått omtrent like langt som eg har sprungi. 

Synet på kva som er gåavstand har vorti utvida. Etter ei klatreøkt på Skullerud kan eg gå dei 14 kilometrane heim til Nordberg. For snart tre år sida gjekk eg frå Oslo til Valdres. 191 km på 6 dagar. 

Heilt klart gåavstand, vil eg seie. Inga bomavgift å betale, men mykje fin natur å sjå, og ein prat som sklir omtrent av seg sjølv, når ein går i godt lag. 

Eg vil rett og slett slå eit slag for gåinga. Som framkomstmiddel, som rekreasjon og trim, som måte å ta tida tilbake på. 

Og nettopp fordi det tek tid å gå, så gir det òg ro – til å tenkje og oppleva. Eller nynne på Nordstoga-songen: 

Og ser du meg der ute
i morgondisen gå
som eit dyr der utpå jordet
før det ikkje lenger er å sjå
Har du lov om du er stille
og ikkje er meir enn du må
vera med på denne fyrste kunsten
mennesket kom på

Og det var kunsten å gå



Artikkelen har stått på trykk i Kondis nr. 5 - 2019

Runar Gilberg (f. 1965) er redaktør for bladet Kondis. Han har hovedfag fra Norges idrettshøgskole og har i en årrekke vært trener i Sportsklubben Vidar. Gilberg er med og arrangerer Rallarvegsløpet, og han har sjøl løpt alt fra 800 m til ultraløp med 2.28.37 som bestetid på maraton.