Starten har gått fra Flåm/Fretheim. (Foto: Arrangør)
Starten har gått fra Flåm/Fretheim. (Foto: Arrangør)

Flåmsdalenløpet i perfekt løpevær

Årets utgåve av Flåmsdalenløpet gjekk av stabelen 21.mai frå Flåm. Dette er femte gong løpet vert arrangert med fyrste gjennomføring i 2017. Til start var det 75 påmeldte frå heile landet samt fleire lokale med håp om gode plasseringar.

Publisert Sist oppdatert

Utøvarane startar frå Fretheim Hotel og spring ei sløyfe gjennom sentrum og langs kaia, før vegen ber vidare opp Flåmsdalen mot målgang på Vatnahalsen Hotel. Her får dei nyte den vakre naturen som dalen har å by på. Til slutt kjem dei berykta 21 hårnålssvingane opp mot Vatnahalsen og deltakarane kan juble over å ha sprunge 21 km og over 800 høgdemeter.

Starten gjekk frå Flåm sentrum klokka 12.00 med lett skydekke og 12 grader, perfekt løpevær! Allereie frå start var det eit forrykande tempo og forhåndsfavorittar Markos Gkourlias frå Aurland IL og Stian Hoelgaard hadde ei god leiing etter den 2 km lange sentrumssløyfa.

Blant kvinnene var det Målfrid Hermansen frå BFG Bergen Løpeklubb som starta sterkast. Den gode starten haldt heile vegen inn både for Markos og Målfrid. Markos klarte, i tillegg til siger, å setje ny løyperekord med tida 1.20.26! Målfrid var i mål på tida 1.43.05. På andreplass kom Stian Hoelgaard frå Gjesdal IL (1.34.57) og tredjeplassen vart kapra av Sigurd Sollien Hulbak frå Hemsedal (1.35.39). I kvinneklassen var det Kari-Anne Strandman frå Sogndal (1.55.23) og Hege Lien frå Årdalstangen (1.56.47) som tok andre- og tredjeplass.

herrevinner.jpg



Markos Gkourlias fra Aurland IL vinner soleklart på ny løyperekord. (Foto: Arrangør)

damevinner.jpg



Målfrid Hermansen ledet fra start til mål og vant med god margin. (Foto: Arrangør)

- Vi i staben er rett og slett veldig nøgd med gjennomføringa av årets løp! Det er eit utruleg kjekt arrangement å få vera ein del av. Tilbakemeldingane frå utøvarane er utelukkande gode og vi ser fram til å arrangere Noregs vakraste halvmaraton att i 2023, seier løpsleiar Simon Undal Misje

Herrer // Topp 10

PlassNavnKlubbKlasseTid
1Markus GkourliasAurland ILElite Menn1:20:26
2Stian HoelgaardGjesdal ILM30-391:34:57
3Sigurd Sollien HulbakHEMSEDALElite Menn1.35:39
4Ole-Petter StoreideFiskå ILM20-291:38:56
5Lars KvingeBERGENM40-491:39:01
6Ørjan SkilbreiLærdal ILM30-391:39:47
7Eirik HovlandÅrdalstangen ILElite Menn1:40:51
8Robert NilsenH_400-AktivM40-491:41:21
9Harald-Inge VassnesKOLBEINSVIKM20-291:43:02
10Vasileios GkourliasAurland ILM30-391:46:45

Kvinner // Topp 10

pall-kvinner.jpg
PlassNavnKlubbKlasseTid
1Målfrid HermansenBFG Bergen LøpeklubbK40-491:43:05
2Kari-Anne StrandmanSOGNDALK30-391:55:23
3Hege LienÅRDALSTANGENK30-391:56:47
4Camilla ØdegårdTeam ØdegårdK40-492:06:25
5Linda Uglenes MaristuenLærdal ILK40-492:09:16
6Gro TufteBERGENK50-592:09:44
7Mona Koster JohannesenBØNESK40-492:10:00
8Solveig HauglandUskedal ILK20-292:10:46
9Ingvild KleivaneBERGENK20-292:12:12
10Elise AndersenDRAMMENK30-392:13:08


De tre beste kvinnene. (Foto: Arrangør)

pall-herrer.jpg

De tre beste herrene. (Foto: Arrangør)

SE ALLE RESULTATER HER

Kondis trenger din støtte
Bli medlem eller støtt oss med en gave hvis du ønsker at Kondis skal fortsette å spre treningsglede, skrive reportasjer, lage terminlister, kontrollmåle løyper, føre statistikker osv. På grunn av koronakrisen har store deler av annonseinntektene våre falt bort, og vi er i enda større grad avhengig av medlemskap og støtte fra våre lesere.

Bli medlem og få mange medlemsfordeler!

Gi en gave:
Vårt kontonummer er: 1503.35.18541
Vipps: 125957
Powered by Labrador CMS