Går det inflasjon i talet på gullmedaljar, har verdien på kvar enkelt medalje ein tendens til å gå ned. (Foto: Michal Navrat / Pixabay)
Går det inflasjon i talet på gullmedaljar, har verdien på kvar enkelt medalje ein tendens til å gå ned. (Foto: Michal Navrat / Pixabay)

Gullrush

Eg må vedgå at eg har smugkika ein del på både VM i skiskyting og VM i langrenn. Fine og solfylte bilete frå Lenzerheide og jubelbrøl i både sludd og regn i Trondheim. Masse spreke folk med god glid og eit drøss av norske medaljar å glede seg over.

Publisert Sist oppdatert
Vignett-kondiskommentaren.jpg

Dette er ein kommentar. Kommentaren gir uttrykk for skribenten si meining.

Artikkelen har stått på trykk i Kondis nr. 2– 2025


Bøe og Klæbo kan sakene sine, både i og utanfor løypa. Johaug-comebacket auka interessa, og gjorde det nok ekstra artig for dei svenske damene å stikke av med alle gullmedaljane.

Det VM-et som gjekk i fedrelandet, fekk sjølvsagt mest merksemd her heime – akkurat som i Trondheim i 1997 og Oslo i 1982 og 2011. VM-minna lever lenge enten det er stavbrekk for Brå, Northug-kalas i Kollen eller Klæbo som vinn rubbel og bit.

Langt færre VM-minne har eg frå skiskyting, trass i at det har vori rikeleg av dei i Noreg og langt fleire totalt i mi levetid.

Og godt mogleg er nettopp det siste grunnen til at eg ikkje hugsar verdsmeisterskapa i skiskyting særleg godt. Det er for mange av dei. I skiskyting blir det arrangert VM eller OL kvart år – med stadig fleire øvingar på programmet. Ikkje fullt så gali som i skøyteløp der det er eit VM eller EM omtrent annakvar helg gjennom vinteren, men likevel nok til at inflasjonen slår til og gir VM-gulla mindre verdi.

I langrenn har vi enno noko som heiter meisterskapsfrie år – kvart fjerde om eg har rekna rett. VM-forventingane kan da få tid til å byggje seg opp over to år. Det blir plass til eit prøve-VM, før det endeleg blir ordentleg VM – i Trondheim med masse folk på stadion og heiing i marka.

Vel, det mangla ikkje tilskodarar i Lindzereite i Sveits heller, sjølv om heimefavorittane stort sett måtte høyre Bjørndalen og Lunde messe «kant ut». Men vil eg – og andre norske idrettsinteresserte – om 10 eller 20 år hugse skiskyttar-VM 2025?

Jau, dei med meir klister i hjernen enn meg vil nok minnast det året Bøe-brørne la opp, og ein fransk-norsk ungut og ei godt vaksen tysk ei glimta til. Éric Perrot og Franziska Preuss. Fine og flinke folk.

Men sjølv for ein skiglad kar så kan det bli i meste laget når dei same løparane går dei same rundane på ganske så like lange distansar halvanna veke til endes. I langrenn er stafettane for kvinner og menn høgdepunkt. I skiskyting går lufta litt ut av stafettballongen når ein først skal gjennom både miksstafett og parstafett før ein kjem fram til kvinne- og herrestafetten. Skjønt det er vel noko stafettliknande som heiter lagsprint i langrenn òg, så skilnaden er ikkje fullt så stor.

Og i springing, som eg sjølv har haldi mest på med, er det minst like mange meisterskap. VM innandørs og ute, VM i terrengløp, gateløp, stafettar, motbakkeløp og ultraløp. Ikkje kvart år, men berre i 2025 så er det fem senior-VM å finne i hovudterminlista til Friidrettsforbundet. Men til skilnad frå langrenn og skiskyting så er det ikkje dei same løparane som gong på gong kjempar om medaljane. Sjølv Jakob Ingebrigtsen veit kor vanskeleg det er å vinne to gull i same VM eller OL. Seks er ikkje ein gong teoretisk mogleg.

I den verkelege verda har gullprisen stigi mykje dei seinare åra. I utrygge tider er det mange som går for gull. Verdien ligg i at gullet er vanskeleg å vatne ut.

Bortsett frå når det handlar om idrett.

Runar Gilberg (f. 1965) er redaktør for bladet Kondis. Han har hovedfag fra Norges idrettshøgskole og har i en årrekke vært trener i Sportsklubben Vidar. Gilberg har vært med og arrangere Rallarvegsløpet, og han har sjøl løpt alt fra 800 m til ultraløp med 2.28.37 som bestetid på maraton.

Powered by Labrador CMS