Vignett-kondiskommentaren.jpg

Artikkelen har òg stått på trykk i Kondis nr. 5 - 2020.

I ein optimistisk augeblink i fjor haust skreiv eg om at det er ein første og siste gong for alt. Artikkelen munna ut i at eg ville prøve å springe maraton under 3 timar ein siste gong – i løpet av det kommande året, altså 2020.

Nevø Stian og svoger Erling vart med på prosjektet. Stian for første gong under 3 timar, eg for siste og Erling for både første og siste gong. Var planen.

Ved juletider meldte vi oss på Frankfurt Marathon. Flat løype, ti månader og trene på og von om jubel på oppløpet for oss alle tre.

Mager trøyst

Vel, eg visste allereie da at sjansen for sub 3-jubel ikkje var overveldande stor. Det hadde gått tungt på trening og sakte i konkurransar heilt sia i fjor vår. Løpsforma hadde vori i ein nedåtgåande spiral som eg ikkje hadde klart å få ho ut av.

Difor hjelpte det ikkje så mykje om folk trøysta meg med at «du har enda god tid til å komma i form» da eg i vinter knapt nok klarte å halde «maratonfart» på korte intervalløkter i Bislett. Så lenge det går seinare omtrent veke for veke, er det ei mager trøyst at målet ligg eit stykke fram i tid.

Eg høyrde meg sjølv seie at «trening verkar ikkje på meg lenger», og eg herma Emil Iversen etter ein dag han hadde øydelagt for både seg sjølv og laget: «Æ e så dåle!»

Ein i treningsgruppa sa det rett ut – omtrent som det i si tid vart sagt om Jesus på krossen: «Andre kan han trene, men ikkje seg sjølv.»

Vedkommande, som er ti år eldre enn meg, leverte 1000 m-intervallar på 3.40-talet, medan eg sleit med 4.16 som er det som må til for å springe maraton på under 3 timar.

10 km-testen

På den siste 10 km-testen i Bislett, same veka som anlegget vart stengt ned, gjekk det så tungt at eg gav meg etter 6 km. Km-tida, som eg altså ikkje klarte å halde i 10 km, var på 4.22. Det var naivt å skulle tru at eg kunne klare å springe sju gonger så langt 6 sekund fortare på kilometeren.

Med pause i fellestreningane og koronafaren hengjande over oss la eg inn ein roleg periode. Fleire veker utan hardøkter. Berre roleg springturar og litt sykling og langrenn som etter kvart vart bytta ut med rulleski.

I månadsskiftet mars/april bladde eg gjennom treningsdagboka for sesongane 2009 og 2010 – i eit forsøk på å berge boka – og da gjekk det opp for meg kor mykje og hardt eg trena den gongen. Over 6000 km springing i 2009 og over 7000 i 2010 pluss ein god dose langrenn i tillegg. Minst tre og av og til fire kvalitetsøkter i veka. Og eg klarte 2.42.35 i Oslo Maraton som 45-åring.

Etter ein månad med roleg husfartrim – utan teikn til formbetring – bestemte eg meg for å gå tilbake til den gamle resepten. Hæl og hamstring var under kontroll. Koronaen gav meg tid. Skogen og stiane låg rett utanfor døra, sola skein, og gradvis vart det òg mogleg å ha selskap på både intervallar og rolege turar.

Eg bestemte meg for å prøve å få til 100 løpskilometer i veka og helst ein dose sykkel og/eller rulleski attåt. To kvalitetsøkter og minst ein lang langtur. For å sjå om det hjelpte.

Pers i feil ende

Hittil – etter ti veker på rad med over 100 km – har det ikkje gjort det. Framleis set eg pers i feil ende på alle kvalitetsøkter som eg har samanlikningsgrunnlag på. Med god margin. Eg blir meir og meir einsam i baktroppen på Vidar-treningane.

Det er nok berre å erkjenne sanninga: Eg er ikkje i nærleiken av å vera i sub 3-form på maraton. Og spiralen snor seg berre fortare og fortare nedover. Held det fram slik, må eg slite for å komma under 3.30.

Men så hender det likevel at eg tenkjer at det kan jo snu. At etter sju magre år, så kan det iallfall komma eitt med feite rettar og gode tider.

Sjølv om dei ikkje var å sjå, mirakla, så vart det snakka mykje om dei på bedehuset i oppveksten. No treng eg eit ordentleg maratonmirakel. Frå 3 km til 42 km på 4.16 – på fire månader.

Alternativt kan eg vone på at det ikkje blir arrangert noko maratonløp i haust, verken i Frankfurt eller andre stader, slik at eg slepp å avsløre kor dårleg det har gått. Men det er nok stor fare for at det vil bli løp ein stad, til dømes på Jessheim eller Karmøy.

Så eg får berre spele til dommaren blæs og kjempe så lenge bondesonen befinn seg på brettet.

«Så lenge det går seinare omtrent veke for veke, er det ei mager trøyst at målet ligg eit stykke fram i tid.»

Runar Gilberg (f. 1965) er redaktør for bladet Kondis. Han har hovedfag fra Norges idrettshøgskole og har i en årrekke vært trener i Sportsklubben Vidar. Gilberg er med og arrangerer Rallarvegsløpet, og han har sjøl løpt alt fra 800 m til ultraløp med 2.28.37 som bestetid på maraton.


Kondis trenger din støtte
Bli medlem eller støtt oss med en gave hvis du ønsker at Kondis skal fortsette å spre treningsglede, skrive reportasjer, lage terminlister, kontrollmåle løyper, føre statistikker osv. På grunn av koronakrisen har store deler av annonseinntektene våre falt bort, og vi er i enda større grad avhengig av medlemskap og støtte fra våre lesere.

Bli medlem og få mange medlemsfordeler!

Gi en gave:
Vårt kontonummer er: 1503.35.18541
Vipps: 125957