Nydeleg skogsmaraton i Estland

DSC_4998.jpgAv Torodd Lybeck

Med namnet Tartu Maraton tenkjer nok ein del nordmenn på det 63 km lange turrennet på ski, som har gått sidan 1960 og er ein del av det internasjonale Worldloppet. Fyrste gongen eg gjekk der, i 2001, var eg med på ein fellestur som Maxpulse arrangerte. Neste gongen (2013) organiserte eg reisa sjølv.

Dei som har vore inne på nettsida til www.tartumaraton.ee, veit at det er seks tevlingar gjennom året som utgjer Tartu Maraton i dag. Dei fem andre er skogsmaraton, landevegsritt, rulleskøytemaraton, offroadritt og bymaraton i Tartu. Sistnemnde er eit vanleg løp på asfalt. Alle seks løpa har fleire ulike distansar.

Skogsmaraton
Skogsmaraton startar i verdscupbyen Otepää, 45 minutts køyring frå Tartu, akkurat som skirennet. Målgangen er òg som på skirennet – i småbyen Elva. På grunn av slitte hofter har eg løpt ein del skogs- og motbakkemaraton gjennom mange år, men i Noreg er det ikkje mange slike. Eg har løpt Nordmarka skogsmaraton nokre gonger, men dessverre kolliderer det med Birkebeinerløpet, der eg er fast deltakar.

Løpsdagen i Tartu var kjøleg, så eg hadde kledd meg i lang trøye og knelang bukse. Vi starta inne på Tehvandi stadion i Otepää og kom snart ut på ein asfaltert gang- og sykkelveg. Eg visste at det skulle vera nokre korte småstrekk med asfalt, men mest grusvegar og gode stigar i skogen – og skiløypetrase på slutten.

IMG_1945 (1280x960).jpg
Idyllisk målområde i skogen like utanfor småbyen Elva.

Det hadde regna mykje dagen før. På strekningar med mose og anna mjukt underlag kunne ein merke det. Etter nokre kilometer kom vi forbi ei idyllisk vik av Pühajärvi (Den heilage innsjøen), og fleire gonger tett ved gamle, idylliske småbruk. Her var ingen bråkete høgtalarlyd, derimot vakker fuglesong. Og gauken gol sine vårlege ko-ko!

200 på heilmaraton
Det vart ganske langt mellom løparane på heilmaraton – som berre var 200 i alt. Mange har for lengst distansert meg, men mange er bak meg òg. Resultatlista fortel at fleire brukte godt over 6 timar. Sjølv har eg stø kurs mot fire. Det blir tettare frå rundt halvvegs, der vi kjem i lag med dei siste løparane på 24 km-distansen. Der er nærmare 1400 med, men det går likevel greitt å koma forbi der eg treng det.

133042_0932.jpg

Løypa er småkupert og variert, men noko tyngre enn ei flat asfaltløype. Det er ikkje lett å halde jamne km-tider, men tida mi pr. 5 km er likevel ganske jamn. Målet i Elva ligg om lag 100 m lågare enn starten, men det merkar ein ikkje mykje til. Det er motbakkane ein merkar!

Einaste nordmann
Maratondistansen i Tartu maraton stod på programmet fyrste gongen i fjor, og eg er til no einaste nordmann som har løpt den. To andre norske var med, ein på 24 km pluss kona mi på 5 km, der ho vann kl. K65. Eg kom i mål på 4.00.41, som var målet mitt. Dermed har eg løpt på kvart minutt frå 2.53 til 4.00. Pluss fire over fire blank – 114 maraton i alt.

IMG_1942 (1280x933).jpg
Torodd på pallen, einaste deltakar i M65 (foto Anne Marit)
 

Korleis koma seg dit?

Eg trur mange nordmenn kvir seg for å ta turen til Tartu maraton fordi det er litt omstendeleg å koma seg dit. Fleire har nok òg brent seg på at skirennet stundom blir avlyst i siste liten p.g.a. snømangel.

Det er dagleg flysamband mellom Oslo og Tallinn. Skulle ikkje det tidlege morgonflyet frå Oslo passe, går det an å reise via Helsingfors eller Riga. Det går buss kvar halvtime mellom Tallinn og Tartu. Den tek 2,5 time. Busstasjonen ligg ved flyplassen i Tallinn. Hansabyen Tartu har over 100.000 innbyggarar og er universitetsby. Her er det sportsmesse og startnummerutdeling før alle løpa.

På løpsdagen går det ekstrabuss til starten i Otepää. Den tek 45 min. For deltakarar på 10 eller 5 km går det buss både frå Tartu og Otepää til starten i Elva. Same busstilbod tilbake etter løpet, eller du kan ta buss direkte frå målområdet tilbake til Tallinn.

Du kan òg bu i Tallinn. Derfrå leiger du bil eller tek ein grytidleg buss direkte til starten i Otepää. Startnummer får du i startområdet på løpsdagen.

Er du redd for kommunikasjonsvanskar i eit land med så vanskeleg språk? Ingen problem – nesten alle her snakkar engelsk. Skulle du likevel trenge hjelp av noko slag, kan du kontakte selskapet «Oü Godtur» på Facebook. Det er firmaet til Krista Suppi, som sjølv er langdistanseløpar på ski og på beina. Ho lever av å guide nordmenn i Estland og estarar i Noreg – og snakkar norsk. Du kan òg tinge hotell gjennom henne eller få ytterlegare hjelp til transport.

IMG_1967.JPG
Torodd og Kristin etter målgang i Elva.