Pressemelding fra arrangør 


2022-09-10_1200_0271-Web.jpgHardangervidda Marathon (Foto: Sylvain Cavatz)
 

Nydeleg og nådelaus - Gode forhold og god stemning

Løypa som går gjennom fantastiske fjellområder er raskt blitt populær blant løparane. Starten gjekk på Høel i perfekt løpevêr. Løparane fekk fort kjenne på den brutale motbakken opp Høloksla. Her var det nok mange som hadde ein runde og to med seg sjølv og kanskje til og med vurderte mulegheita for å finne seg ein ny hobby. Etter toppen venta eit fantastisk område innover mot Hallingahaugane og deretter ned mot Hjølmoberget. Der vanka det mat, drikke og oppmuntring frå crewet. Så var det berre å snu nasa mot Berastøldalen og lampe lystig tilbake langs turistvegen mot Feet. Halvmaraton-deltakarane kunne derifrå fortsetje rett mot målgang på Liseth.

2022-09-10_1016_9810-Web.jpgSigurd Hulbak i godt driv på maraton. (Foto: Sylvain Cavatz)
 

Dei heldige marathonløparane kunne gle seg til ein ny opptur, nemleg slalombakken på Maurseth. Denne trur me ikkje blir gløymd med det første for her var det mange som måtte kjempe ein durabeleg kamp mot seg sjølv. Opp, opp og opp, belønninga var ei formidabel utsikt og vidare løping på smale stiar i lett terreng og storslått natur. Etterkvar kunne løparane ta seg ned i Isdalen der dei fekk ein liten tur på grusveg før dei blei sendt lokst ut i terrenget igjen. Denne gongen i ei sløyfe oppom Smyttet før sjarmøretappen via Gryteskar og ned til heiarop og god stemning ved målgang på Liseth.

2022-09-10_1027_5144-Web.jpgMarta Teigen Varanes løper maraton. (Foto: Sylvain Cavatz)
 

Dei første deltakarane kom i mål allereie om føremiddagen. Vinnarane fekk lokale kvalitetsprodukt i premie. Alle som fullførte fekk T-skjorte, heder og ære. I tillegg var det premiedryss med uttrekkspremiar, cola, suppe, jubel og kubjølleklang.

Me har også i år fått gode tilbakemeldingar, men løypa viste seg å vere enda enda hardere enn først antatt, i år som i fjor. Fleire og fleire deltok på krampefesten som spreidde seg blant løparane relativt tidleg i løpet. Løparane tok det med godt humør og stemninga var magisk. Beskrivelsen som passar best er kanskje «Her kan du fort få ein av dei verste, men òg den beste dagen i livet».

2022-09-10_1021_4991-Web.jpgBjarte Haugland (BIB 61). (Foto: Sylvain Cavatz)
 

Imponerande vinnertider

I år vart det fleire løyperekordar! Beste tid på marathon hadde Jack Kosky med tida 3:49:52 etterfulgt av Erik Vodla og Bjarte Westerheim. Raskaste dame var Johanne Wessel som kom inn på tida 4:36:10 etterfulgt av Marie Mossestad og Ida Jahren Herud. Alle seks var innanfor fjorårets beste tid i dame- og herreklasse.

2022-09-10_1012_4636-Web.jpgJack Kosky løp meget godt i fjellet. (Foto: Sylvain Cavatz)
 

På halvmarathon suste Pavel Serov først over målstreken med tida 1.54.57. Mads Løkeland Slåke og Erik Klyve Dalland kom berre nokre minuttar etter. Damene var også superraske i år, dei tre første kom inn på betre tider enn den første dama i fjor. Randi Soma kom inn på tida 2:17:56 før Kristin Marcia Eikje og Marte Røkke.
 

Dugnadsånd driv løpet 

XtremEidfjord er ein frivillig organisasjon der alt arbeid blir gjort på dugnad. Det er eit stort apparat som er i sving. Dugnadsfolka bruker mykje av fritida si på å arrangere spektakulære løp for dei som søker røffe opplevingar i fjellet. Dei fleste frå crewet har vore med i mange år, det viser at me har det kjekt i lag og er stolte av det me får til.

Dugnadsfolka i Eidfjord er ikkje kjend for å spare på kruttet når dei hyllar sprekingane som spring, og hyttefolka i Sysendalen vart i år oppfordra til heiing langs løypa.

Sponsorar som er med å støtte XtremEidfjord gjer at me kan fortsetje å arrangere løp i Eidfjord på vakre Hardangervidda, det er me utruleg takknemlege for.

2022-09-10_1329_0461-Web.jpgMartin Fjellheim Hansen. (Foto: Sylvain Cavatz)
 

Halvmaraton // Herrer

1. Pavel SEROV [485] 1989 TRS -- 01:54:47
2. Mads LØKELAND SLÅKE [560] 1991   +3:17 01:58:04
3. Eirik Klyve DALLAND [518] 1982 SK Viggo +7:45 02:02:32
4. Vegard AASEN [547] 1900   +10:16 02:05:03
5. Even Magnus ASPLI [465] 1989 Frol IL +12:19 02:07:06
6. Vegard FRØYSTEIN LARSEN [406] 1988   +17:45 02:12:32
7. Morten Aadland FOSSMARK [432] 1994 Samnanger IL +18:22 02:13:09
8. Martin Monsen OLSTAD [464] 1988 BPI +18:33 02:13:20
9. Matthew BENSON [366] 1990   +19:42 02:14:29
10. Tord HANEVIK [402] 1991 Inventura +20:03 02:14:50
11. Johannes VAN DEN HEEVER [512] 1996   +20:37 02:15:24
12. Rune KNUTSEN [411] 1973 MOSTERHAMN +20:48 02:15:35
13. Tomi MÄKELÄ [528] 1975   +21:04 02:15:51
14. Frode AMUNDSEN [514] 1984   +23:22 02:18:09
15. Geir FLATHEN [360] 1977   +26:52 02:21:39
16. Øyvind RØSAND [409] 1984 PR Maskin +27:57 02:22:44
17. Richard DAHLE HEMRE [335] 1994   +29:12 02:23:59
18. Henning LANGEDAL [346] 1995   +29:34 02:24:21
19. Freddy MOSSESTAD [428] 1964 Varegg Fjellgeitene +30:28 02:25:15
20. Jørn HJELMELAND [529] 1974 Omvikedalen IL +32:02 02:26:49

 

Halvmaraton // Kvinner

1 Randi SOMA [522] 1975 Dale fjelløpere +23:09 02:17:56
2 Kristin Marcia EIKJE [494] 1977   +28:49 02:23:36
3 Marte RØKKE [403] 1995   +30:31 02:25:18
4 Leni ØKLAND-LIHAUG [532] 1985 Bfg Bergen Løpeklubb +31:26 02:26:13
5 Tina KLEVEN [373] 1995   +32:49 02:27:36
6 Wenche G ENES [429] 1968 Varegg Fjellgeitene +34:52 02:29:39
7 Emily GADDIS [415] 1993   +37:30 02:32:17
8 Kaja THEIS [559] 1989   +40:36 02:35:23
9 Marie AAKRANN [462] 1991 Team kalde føtter +40:42 02:35:29
10 Hedda Hulbaklien BAKKE [523] 1998 Koll IL +41:58 02:36:45
11 Gunvor REFSDAL [503] 1975 Vik il +43:00 02:37:47
12 Ellen Terese HARBAKK [316] 1977 Vik IL +46:46 02:41:33
13 Ingeborg Enes LUDVIGSEN [431] 1995 Samnanger IL +47:01 02:41:48
14 Gunhild JENSEN [527] 1975 Ål il +48:06 02:42:53
15 Helene SØREIDE [310] 1990   +48:15 02:43:02
16 Silje Bråthen HUSEBØ [331] 1989 BPI +48:45 02:43:32
17 Maiken SMYLIE-GIBB [510] 1996   +50:05 02:44:52
18 Charlotte GULBRANDSEN [507] 1988   +50:24 02:45:11
19 Louise LEHMANN CHRISTENSEN [524] 1996   +54:06 02:48:53
20 Elisabeth KALSTØ [493] 1984   +55:43 02:50:30

Maraton // Kvinner

1 Johanne WESSEL [19] 1996   +46:18 04:36:10
2 Maria MOSSESTAD [68] 1996 Varegg +56:38 04:46:30
3 Ida JAHREN HERUD [53] 1993 Procon AS +1:03:53 04:53:45
4 Vilde TENGESDAL [126] 1996   +1:42:04 05:31:56
5 Marta Teigen VARANES [190] 1990   +1:44:36 05:34:28
6 Liv-Anna FOLGERØ [15] 1986 Tromøy løpeklubb +1:46:32 05:36:24
7 Katrin OLSEN [184] 1979 Urth-Adventures +2:01:52 05:51:44
8 Emilie ELISEUSSEN ØDEGAARD [37] 1992   +2:02:08 05:52:00
9 Silje ANDREASSEN [12] 1982   +2:02:10 05:52:02
10 Celine KRISTIANSEN [45] 1995   +2:02:13 05:52:05
11 Lene KLEIVEN [170] 1975 Voss +2:10:19 06:00:11
12 Margrethe FRANK [147] 1998   +2:10:19 06:00:11
13 Eva NORDNES [4] 1983   +2:11:44 06:01:36
14 Magnhild KALSTØ [156] 1977   +2:16:53 06:06:45
15 Heidi GUNDERSEN [160] 1977 Lauparlauget 4x4 +2:18:13 06:08:05
16 Line SKORPE AASPRONG [78] 1997   +2:19:24 06:09:16
17 Katrine KNUDSEN [130] 1979   +2:28:01 06:17:53
18 Malin LEMURELL [84] 1970 Team ElMa +2:32:37 06:22:29
19 Else JOHANSSON [83] 1969 Team ElMa +2:32:37 06:22:29
20 Vilde KOLSTAD [112] 1997   +2:34:19 06:24:11
21 Anna Gunn FOLGERØ [28] 1960 Tromøy løpeklubb +2:44:39 06:34:31

Maraton // Herrer

1 Jack KOSKY [153] 1993 GTI Friidrettsklubb -- 03:49:52
2 Erik VADLA [49] 1990 VENUE // Sandnes IL +11:41 04:01:33
3 Bjarthe WESTERHEIM [188] 1974 Stord Orientering +13:15 04:03:07
5 Kenneth WESTERHEIM [3] 1971 Stord Orientering +33:59 04:23:51
6 Sigurd HULBAK [238] 1995   +34:16 04:24:08
7 Eirik KVARV [102] 1977 Øystese Idrettslag +45:32 04:35:24
8 Jens Andreas MELHEIM [173] 1975 Vik IL +45:43 04:35:35
9 Geir Storetvedt SKATEN [1] 1974 Il Gular +47:08 04:37:00
10 Terje BEKKESLETTEN [50] 1979 Øystese IL +49:57 04:39:49
11 Jan KALIBERKA [76] 1984 Praha 5 Motol +51:21 04:41:13
12 Jan Petter BEKKEVOLD [182] 1983 Holte Consulting +53:59 04:43:51
14 Lars Ole GUDEVANG [106] 1976 Gti +55:34 04:45:26
15 Espen DOMMERSNES [117] 1994   +56:07 04:45:59
16 Ole-Jacob BIRKELI [7] 1987 Nymark IL +57:20 04:47:12
17 Martin OTTERAAEN [120] 1990 Sparta55 tri +59:13 04:49:05
18 Bjarte HAUGLAND [61] 1978 Varegg +1:01:03 04:50:55
19 Glenn HORNSET [240] 1987 Tylldal IL +1:01:30 04:51:22
20 Frode JOHANSEN [187] 1969 Bfg bergen Løpeklubb +1:04:06 04:53:58
21 Oddbjørn ROVDE [172] 1998 BSI friluft +1:08:55 04:58:47


Mer informasjon
Løpets hjemmeside
Løpet på Facebook
Se alle resultater her