
Lørdag 20.september går Kongeløpet i Gulen
Kongeløpet er eit mosjonsløp som går frå Byrknesøy til Skjerjehamn, der den kjende statuen av kong Olav er plassert.
Kongeløpet er eit mosjonsløp som går frå Byrknesøy til Skjerjehamn. Løpet går over ein strekning på 13 km, over bruer og øyer, på asfalt, i vakkert kystlandskap. Akkurat passeleg kupert til at det blir utfordrande. Startskotet går 12:00.
Nytt for i år er Konge-stafetten, 3-etapper (cirka 4,8km - 2,1km - 6km.), 3 deltakarar og start 12:30.
Dersom ein vil delta utan å springe kan ein gå Kongemarsjen, på cirka 5km.
Deltakaravgift til Kongeløpet og Kongestafetten er 150,- og kan betalast på forhånd ved påmelding eller før løpsstart.
Påmelding til løp og stafett kan skje på forhånd til Line 99368846.
Frist for påmelding til Kongeløpet er 11:45 same dag (registrering ved Joker Byrknes)
Frist for påmelding til Kongestafetten er seinast 19.september.
Meir informasjon om løpet finn ein på www.Ygil.no eller Facebook arrangementet "Kongeløpet 2025".

