Bli med på tur på storarta Storehaugen Opp

Kristi himmelfartsdag, 30. mai, går Storehaugen Opp av stabelen. Påmeldingane tikkar inn, så no ligg alt til rette for motbakkefest i Lærdal for 11. gong.

Se løpets flotte nye provovideo:

- I fjor var me svært bekymra for forholda vekene for løpet på grunn av mykje snø, men me vart berga av varmen i slutten av april og i starten av mai. I år har det vore tilnærma snøfritt til Storehaugen sidan før påske, så i år har det vore framifrå forhold å trena til løpet i, seier Bjørghild Holien, leiar i friidrettsgruppa i Lærdal idrettslag, som arrangerer løpet.

Kondis.no 2018: Strålande jubileumsløp opp Storehaugen

DSC_2917start sho.jpg
Starten i 2018. (Arrangørfoto)


Erland_Eldrup.jpg
Fjorårsvinner Erland Eldrup. (Foto: Jan Christian Jerving)
 

Minikiosk på toppen og nye t-skjorter
Storehaugen Opp gjekk av stabelen for første gong i 2009. Heile 84 deltok i konkurranseklassa og 231 i mosjonsklassa. Deltakartalet har svinga noko, og i fjor var det over 300 løparar og mosjonistar totalt.

– Konkurransen frå andre motbaklkeløp har vorte vesentleg hardare, men løpet vårt har stått seg godt. Mange kjem att år etter år fordi dei likar seg så godt her og tykkjer traseen og toppunktet med den enorme utsikta over Lærdal sentrum og Lærdalsfjorden er i særklasse, seier Holien.

Det er alltid nokre nye moment frå år til år – i 2019-utgåva av løpet vil mellom anna 9. klasse ved Lærdalsøyri skule ha minikiosk på toppen, dei flott deltakar-t-skjortene har fått nytt motiv og det vart laga ein flott promovideo for Storehaugen Opp som har bikka 500 visningar på You Tube.

– Så med ypparlege forhold og desse tiltaka ventar me god deltaking i årets løp, seier Holien.

Kjem nokon opp Storehaugen på under halvtimen?
På føremiddagen Kristi Himmelfartsdag går mosjonistane til toppen av Storehaugen frå Sviggum, rett ved innkøyrsla til vegen mot Lærdal sjukehus. Startskotet for konkurranseklassa går klokka 13.

Eitt stort spenningsmoment er vinnartida i herre- og kvinneklassa. I herreklassen er rekorden på 30 minuttar og 18 sekundar, sett av Stian Angermund-Vik fråVaregg IL i 2016. Den ståande rekorden i kvinneklassa skriv seg frå 2013 – då sprang Kirsten Marathon Melkevik frå IL Gular på 37 minuttar og 24 sekundar. Når både herrar og kvinner skal bryna seg på rekordane er det viktig med god tilrettelegging; og her er alt på stell.

– Me er i rute til løpet; det vil seia at saft, vatn og drikkeflasker samt utstyr blir bore opp no dagane før det brakar laus. Vel møtt! avsluttar Holien.

Løpets heimeside
Facebook


Det var strålande sol og sommartemperaturar i Lærdal då løpet gjekk av stabelen Kristi himmelfartsdag; ei perfekt råme rundt den tiande utgåva av Storehaugen Opp. Her er det Asbjørn Ekerhovd som er på vei opp mot toppen. Foto: Jan Christian Jerving
Det var strålande sol og sommartemperaturar i Lærdal då løpet gjekk av stabelen Kristi himmelfartsdag 2018; ei perfekt råme rundt den tiande utgåva av Storehaugen Opp. Her er det Asbjørn Ekerhovd som er på vei opp mot toppen. (Foto: Jan Christian Jerving)