Torefjellsrennet tilbyr løyper i både klassisk og fristil, og det er også familie- og trimklasse med valfri lengd og starttidspunkt. Det flotte skianlegget Sjusete ligg på ei hylle over Hardangerfjorden, og delar av traseen gir ei storslått utsikt over fjorden.

Endringar i løypa:

Arrangørane har i år gjort nokre endringar på løypa. Det er teke bort nokre av dei tøffaste klatringane og brattaste utforkøyringane. Dette gjer løypa godt eigna for eit turrenn. Då Kondis testa løypa i fjor var desse tøffe klatringane i hardaste laget synst me.

Sverre Olav Botnen i Kvam LSK fortel at påmeldinga har teke seg opp dei siste dagane. Den siste tida med mildvêr har ikkje øydelagt løypene:
– Løypene er framleis fine. Det er mykje snø, så det vert ikkje noko problem. Det er meldt nattefrost også og strålande sol på sjølve dagen. 

– Eg veit at det kjem ein del løparar for å lada opp til Birken. Veit om ein som skal gå både klassisk-rennet og fristil-rennet. Fleire skal prøva å staka på blanke ski også! 

Rennprogram og starttidspunkt:

Kl 09:30 Torefjellsrennet klassisk 26/13 km klassisk (1/2 runder) Fellesstart. 17-100 år
Kl 13:00 Torefjellsrennet fristil, 5/10/20 km Fellesstart 17-100 år
Kl 11:00 – 12:00 Torefjellsrennet familie og trim, valgfri lengde og starttidspunkt.

Nyttige lenkjer:

Påmelding Torefjellsrennet 2024

Her finn du Sjusete skisenter på Google maps.

Her er heile invitasjonen til Torefjellsrennet 2024

Les også Kondis si reportasje frå Torefjellsrennet i fjor:
Drømmeforhold i Torefjellsrennet, det litt ukjente turrennet på vestlandet

1U9A1991.jpgHer går Siri Titland Martinsen opp ei av stigningane i løypa i 2023.