Hanne Steinstø og Morten Gjendem har vunne Hydro Rundt før - og gjorde det igjen. Hanne tangerte persen sin i dette løpet med gode 17.41 i motvind og surt ver.  Ho hadde berre tre i herreklassen føre seg! Morten Gjendem vann herreklassen på 16.35. 

Aukar for andre år på rad
Etter nesten 1900 fullførande for ein del år sidan, byrja deltakartalet å gå ned. I 2013 var det kome ned i 1176 fullførande. I 2014 auka det kraftig til 1438. Så torsdag 7. mai 2015 fullførte 1446. Dette går inn i ein positiv trend for mosjonsidrett på heile Haugalandet. Ja, nokre storløparar er også med; men fyrst og fremst er dette eit arrangement for folk flest. Ironman, Haugesund halvmaraton, Djupadalten, Skjold på tvers, Hestanipen Opp og Hårfagrerittet er døme på stor interesse i denne regionen. Karmøy, Haugesund, Bokn, Utsira, Tysvær og Vindafjord høyrer naturleg inn i denne samanhengen. I tillegg er hordalandskommunane Sveio og Etne i nærområdet.

Nivåheving i dameklassen og svakare i herreklassen
I fjor sprang 10. raskaste dame på 23.12. I år måtte ein ha 21.17 eller betre for å koma på "Ti på topp-lista".
I herreklassen var det stikk motsett: 10. raskaste i 2014 hadde 16.31, i år 18.33. Nesten alle blant dei ti beste i 2014 deltok i år i Holmenkollstafetten. Haugesund IL var med i verdas største stafett for fyrste gong på mange år, både i dame- og herreklassen. Begge laga gjorde sine saker bra, og rykka opp i eliteklassen. Kjempegledeleg for elitemiljøet på Haugalandet! Hanne Steinstø var begge plassar - ei skikkeleg gjennomtrent og løpsglad jente!

Hydro_Rundt_underveis_IMG_640_1464.jpg Lang, lang rekkje... Eit folkehav i Hydro bedriftsidrettslag, Karmøy sin vel organiserte 5 km.

Låg startkontingent, flott premiering - ingen lisens
Med kr 50,- i startkontingent skulle ein ikkje tru det var særleg god premiering. Men jo. Her var det juice, bananar, t-skjorte og krystallglas frå Hadeland når ein kom i mål. I tillegg var det fleire flotte trekkjepremiar.
Og enda eit pluss: Flotte utmerkingar for kvart femte fullførte løp.

Og som utsending frå Kondis registrerte me med glede at arrangøren Hydro B.I.L. reklamerte med at løpet var utan lisens. I det sure veret med vind og 6 - 7 kalde varmegradar vart det 41. Hydro Rundt likevel ein stor folkefest. 

Fem kuperte km på vekselvis asfalt og grus. I tillegg er det mange, mange krappe svingar. 

Alle går eller spring med brikke
- Det er EQ-timing som leverer startnummer med integrert tidtakingseining.
- Alle kan sjå tida si etter kvar kilometer og i mål.
- Men resultatlista var denne gong vanskeleg å lesa med to oppføringar på kvart namn. Og med blanding av plassering og startnummer, som gjer lista uoversiktleg.
- Men elles var heile tilskipinga tipp topp, med mange hyggelege funksjonærar.

Ti raskaste:

Kvinner:
1. Hanne Steinstø              17.41
2. Miriam Berg Hovda           18.53
3. Hanne Sørensen              19.14
4. Maryna Novik                19.45
5. Elisabeth Kristiansen       20.22
6. Stine Kvilhaug Dybdahl      20.38
7. Margrete Jørgensen Baustad  20.42
8. Kirsti Sønstabø             20.45
9. Marte Jensen                21.01
10.Britt Janne Hebnes          21.17


Menn:
1. Morten Gjendem              16.35
2. Thomas Finshus              16.46
3. Øyvind Askeland             17.30
4. Thor Arne Dommersnes        17.44
5. Glenn Solvang               18.02
6. Kjetil Larsen               18.16
7. Kenneth Dragøy              18.18
8. Eivind Helland              18.24
9. Kjell Sture Jensen          18.27
10.Geir Grannes                18.33


Alle resultater (to ganger for hver deltaker!!?)

Hydro_Rundt_lang_rekke_640_IMG_1465.jpg
Dei aller fleste har gode joggesko på beina. Løping er i utgangspunktet ein rimeleg helse og miljøskapar.