Klypetuss-karusellen startar med Trongjo Opp 1. april
Sekretariatet er på plass kl 1230 nede på Frette. Frå aust på E-134 er det ca ein km etter Kyrping Kro og Bensinstasjon. Følg skilt ned til venstre mot Frette. Umogeleg å køyra feil. 

Deltakar-rekord med 106 i 2012.

Startpengar kr 20.-. Premie til alle under 15 år. Elles kr 300.- i fyrstepremie pluss HardangerBestikk. 
Tur:   kl 1300
Løp:  kl 1330

Trongjo Opp                     1750 m     1. april    115 m flatt, 1635 m stigning,   asfalt
Trongjo Ned                     2450 m     12. april  1635 m ned, ca 800 m flatt,     asfalt
Bjørkeklubben Over      1269 m     24. april   ein liten "klubb" etter ca 700 m, stort sett flatt, asfalt


Jenter med besteforeldre i Skånevik. Desse tre kjem frå Bergen og Oslo.


Tidlegare vinnar av Trongjo Opp, kjetil Espeland må streva for å halde fylgje med ungdomane.

 
Også ein vinnar av Trongjo Opp, ein fokusert Ole Rullestad. 

Elin Udstuen og Hjalmar Grundberg feirar IFK 30 år.
Også mange turgåarar i Trongjo Opp. Totalrekord i fjor med 106 deltakarar.